Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Melding til Konkursregisteret

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet blir sendt inn dersom du har opplysningar til Konkursregisteret eller ønskjer å få informasjon frå Konkursregisteret i samband med bubehandlinga.

Kven skal bruke skjemaet?

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha skrivetilgang i konkursbuet. Rolla vert automatisk tildelt til den som er registrert som bustyrar i konkursbuet. Bustyrar kan delegere skrivetilgang til andre ansatte ved advokatkontoret, til dømes andre advokatar, advokatfullmektig og sekretær.

Kva skal eg leggje ved?

Det er ikkje mogeleg å leggje vedlegg til skjemaet.

Meir om skjemaet

Føremålet med skjemaet er at du på ein enkel måte kan kontakte Konkursregisteret for bestilling av opplysningar eller dokument, gi opplysningar eller ta opp problemstillingar i samband med konkursbuet.

Opplysningar som kan sendast inn til Konkursregisteret er til dømes endringar i debitor sine roller. Dokument som kan bestillast frå Konkursregisteret er til dømes original firmaattest og pantattest eller innrapporteringar i andre konkursbu som er relevante for bubehandlinga.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00