Godkjende fordringar konkursbu

Skjemaet blir brukt av bustyrar for å gjere rapporter tilgjengeleg for kreditor og andre via tenesta Konkursbehandling

Om denne tenesta

Skjemaet skal sendast inn dersom fordringar er godkjend i samanheng med bubehandlinga.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha skrivetilgang i konkursbuet. Rolla vert automatisk tildelt til den som er registrert som bustyrar i konkursbuet. Bustyrar kan delegere skrivetilgang til andre ansatte ved advokatkontoret, til dømes andre advokatar, advokatfullmektig og sekretær.

Det må leggjast ved eit dokument som viser kva fordringar som er godkjend i bubehandlinga.

Føremålet med skjemaet er å gjere opplysningar om kva fordringar som er godkjend tilgjengeleg for kreditorar og andre via tenesta Konkursbehandling. Når skjemaet med vedlegg blir sendt inn via Altinn, blir det vedlagde dokumentet lagt ut i tenesta Konkursbehandling.Konkursregisteret mottek ikkje skjemaet eller vedlagte dokument.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema