Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Brønnøysundregistrene
  4. Faktisk leiing og eigarar – konkursbu

Faktisk leiing og eigarar – konkursbu

Skjemaet blir brukt av bustyrar for å sende inn faktisk leiing og eigarar til Konkursregisteret i tenesta Konkursbehandling.
Når skal skjemaet brukast?
Skjemaet skal sendast inn: 

Dersom du under bubehandlinga finn andre personar enn dei som er melde til Einingsregisteret, som i praksis har fungert som dagleg leiar og styreleiar i selskapet, i samsvar med konkursregisterforskrifta § 3 1. ledd nummer 11 c).

Når det finst eigarar som har eller har hatt meir enn 20 % av aksjane dei siste fem åra, i samsvar med konkursregisterforskrifta § 3 1. ledd nummer 7.
Kven skal bruke skjemaet?
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha skrivetilgang i konkursbuet.
 
Fullmakten blir automatisk tildelt den som er registrert som bustyrar i konkursbuet.
 
Bustyrar kan delegere skrivetilgang til andre tilsette ved advokatkontoret, for eksempel andre advokatar, advokatfullmektigar og sekretærar.
Kva skal eg leggje ved?
Når faktisk leiing og eigarar blir rapportert, skal du ikkje legge ved vedlegg.
Meir om skjemaet
Skjemaet skal brukast til å rapportere eigaropplysningar, faktisk styreleiar og faktisk dagleg leiar til Konkursregisteret. Når skjemaet blir sendt inn i Altinn, blir opplysningane registrerte i Konkursregisteret.

Kontakt brukarveileing ved Brønnøysundregistera
Telefon: 75 00 75 00