Årleg rapportering.
Innleveringsfrist
Årsrekneskapen skal sendast til Rekneskapsregisteret innan ein månad etter at han er fastsett av generalforsamlinga eller tilsvarande organ.
For å unngå forseinkingsgebyr må komplett årskrekneskap sendast via Rekneskapsregisteret sine skjema i Altinn seinast 31. juli. Har årsrekneskapen sluttdato i perioden 01.01.-30.06., er fristen seinast 31. januar.
Om komplett årsrekneskap ikkje er send til Rekneskapsregisteret innan fristen må du betale forseinkingsgebyr.
Alle rekneskapspliktige etter rekneskapslova § 1-2 har innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinnrolla Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett, Ansvarleg revisor, Revisormedarbeidar, Rekneskapsmedarbeidar eller Utfyllar/innsendar.
Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg. Sjå rettleiing om roller og rettar .
Årsrekneskapen består av hovudskjema, vedleggsskjema og filvedlegg. Du legg til vedleggsskjema og filvedlegg frå fana "Oversikt - skjema og vedlegg" etter at du har fylt ut hovudskjemaet.
Rekneskapsregisteret nyttar skjemaet til registrering av årsrekneskap og som del av årsrekneskapen for dokumentasjon på innregistrerte opplysningar.
Hovudskjema
Vi tilrår at hovudskjemaet blir fylt ut før vedleggsskjemaet. Dette fordi det i vedleggsskjemaet ligg kontrollar mot opplysningar i hovudskjemaet. På side to kan du leggje inn e-postadresse, slik at Rekneskapsregisteret kan sende melding på e-post når årsrekneskapen er saksbehandla. Det er mogleg å leggje inn inntil ti e-postadresser.
- Utanlandsk konsernrekneskap
Rekneskapspliktige morselskap som sjølv er dotterselskap av eit morselskap som høyrer heime i ein EØS-stat, kan nytte den utanlandske konsernrekneskapen om den norske verksemda er ein del av dette. Om den rekneskapspliktige sitt morselskap ikkje høyrer til ein EØS-stat, må du leggje med dispensasjon frå Skattedirektoratet for å få nytte det utanlandske morselskapet sitt konsernrekneskap. Utanlandsk konsernrekneskap leggjer du med som filvedlegg. Du treng ikkje å legge inn dei utanlandske konserntala i vedleggsskjema, men i så fall må du krysse av for dette nedst på side ein i hovudskjemaet.
- Rekneskapsreglar
Du må også huke av for kva rekneskapsreglar konsernet nytter om du legg med vedleggsskjema med tala for konsernrekneskapen.
Vedleggskjema
Vedleggsskjemaet byggjer på ein fast oppstillingsplan for resultatrekneskap og balanse. Skal du levere både selskapsrekneskap og konsernrekneskap, legg du til to vedleggsskjema. Du melder på første sida om tala er for selskapsrekneskapen eller konsernrekneskapen.
- Valør
Du må melde i vedleggsskjemaet om tala blir rapporterte i heile tal, tusen eller million. Vel du tusen eller million, blir tala multipliserte med høvesvis 1 000 eller 1 000 000 når Rekneskapsregisteret mottek skjemasettet.
- Valuta
I vedleggsskjemaet må du velje valuta frå nedtrekkslista. Hovudregelen er at valuta skal vere Norske kroner.
- Norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)
NUF som leverer årsrekneskapen for både det utanlandske føretaket og den norske avdelinga skal leggje inn rekneskapstala for det utanlandske føretaket i vedleggsskjemaet. Legg ved årsrekneskapen for den norske avdelinga som filvedlegg saman med dokumenta for det utanlandske føretaket. Kontaktperson i NUF kan også fylle ut og signere skjemaet.
Filvedlegg
Det er ikkje krav til å skanne dei originale dokumenta. Dokumenta kan også leggjast ved som tekstfiler (f.eks. Word).
Tryggleiken blir vareteken ved at innsendar har rolle/rett for innsending av årsrekneskapen via Altinn, og ved at det blir stadfesta at den innsende årsrekneskapen er fastsett av kompetent organ. Av den grunn er det ikkje krav om at årsrekneskapen m.v. som blir send til Rekneskapsregisteret er underskriven.
Om verksemda har dispensasjon frå kravet om at årsrekneskapen skal vere på norsk (rekneskapslova § 3-4 tredje ledd), skal dispensasjonen leggjast ved årsrekneskapen kvart år. Det same gjeld dispensasjon for unnatak frå plikta til å utarbeide eigen konsernrekneskap når morselskapet høyrer heime i annan stat enn EØS-stat (rekneskapslova § 3-7 fjerde ledd). Dispensasjon blir gitt av Skattedirektoratet.
Det er berre dokumenter knytte til årsrekneskapen som skal leggjast ved. Andre dokument kan sendast på e-post til firmapost@brreg.no. Årsrekneskapen og vedlagde dokument blir offentleg tilgjengelege.
Filtype | Dokument |
docx | Word |
doc | Word |
xlsx | Excel |
xls | Excel |
Bilde | |
jpg | Bilde |
gif | Bilde |
png | Bilde |
tiff | Bilde |
Lista er ikkje uttømmande.
Det finst likevel variantar som fører til at dokumenta ikkje blir tilgjengelege for Rekneskapsregisteret:
Har du dokument med filtype Page eller Numbers, må desse lagrast som Word/Excel-fil eller pdf før innsending. Alternativt må dokumenta skannast og leggjast ved.
Tilbakemelding
Ved innsending til Rekneskapsregisteret får verksemda elektronisk tilbakemelding om motteken årsrekneskap.
Verksemda får vedtaket om årsrekneskapen i innboksen i Altinn, med varsling på e-post eller SMS, når saksbehandlinga er utført.
Rekneskapsregisteret sender e-post til e-postadressene som blei gitt i skjema for årsrekneskapen og til kontaktinformasjonen i Altinn. For å åpne vedtaket i Altinn, må du ha Adobe Reader installert.
Om årsrekneskapen blir nekta, og vedtaket i Altinn ikkje blir opna, sender Rekneskapsregisteret eit nytt varsel etter ei uke.
Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00