Her leverer du årsrekneskap sett opp etter regel om begrensa rekneskapsplikt.
I ny versjon av Altinn treng du ikkje leggje ved vedleggsskjema. De kommer automatisk når du fyllar ut skjema.
Ønsker du bruke førre versjon av RR-0011, finn du lenke til skjema i nedtrekkmenyen under.
Start tenesteÅrleg rapportering.
Innleveringsfrist
Årsrekneskapen skal sendast til Rekneskapsregisteret innan ein månad etter at han er fastsett av generalforsamlinga eller tilsvarande organ.
For å unngå forseinkingsgebyr må komplett årskrekneskap sendast via Rekneskapsregisteret sine skjema i Altinn seinast 31. juli.
Har årsrekneskapen sluttdato i perioden 01.01.-30.06., er fristen seinast 31. januar.
Om komplett årsrekneskap ikkje er send til Rekneskapsregisteret innan fristen må du betale forseinkingsgebyr.
Ansvarlege selskap og enkeltpersonføretak som ikkje har egne særkrav i lov kan nytte skjemaet hvis desse forholda er oppfylte:
Alle rekneskapspliktige etter rekneskapslova § 1-2 har innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinnrolla Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett, Ansvarleg revisor, Revisormedarbeidar, Rekneskapsmedarbeidar eller Utfyllar/innsendar.
Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg. Sjå rettleiing om roller og rettar.
Årsrekneskapen består av hovudskjema, vedleggsskjema og eventuelt filvedlegg. Du legg til vedleggsskjema og filvedlegg frå fana "Oversikt - skjema og vedlegg" etter at du har fylt ut hovudskjemaet.
Rekneskapsregisteret nyttar skjemaet til registrering av opplysningar frå årsrekneskapen, og som dokumentasjon på innregistrerte opplysningar. Forskrift til rekneskapslova § 8-2-1 krev at innsending skal gjerast elektronisk via Altinn.
Hovudskjema
Ved utfyllinga av tidlegare versjon av skjema, tilrår vi at hovudskjemaet blir fylt ut før vedleggsskjemaet. Dette fordi det i vedleggsskjemaet ligg kontrollar mot opplysningar i hovudskjemaet. På side to kan du leggje inn e-postadresse, slik at Rekneskapsregisteret kan sende melding på e-post når årsrekneskapen er saksbehandla. Varsel blir også sendt på e-post til varslingsadresser som verksemda har i Altinn. Har de lagt inn berre mobilnummer som varslingsadresse i Altinn, sender vi varsel på SMS.
- Valør
Du må melde i vedleggsskjemaet om tala blir rapporterte i heile tal, tusen eller million. Vel du tusen eller million, blir tala multipliserte med høvesvis 1 000 eller 1 000 000 når Rekneskapsregisteret mottek skjemasettet.
- Valuta
Valuta skal være Norske kroner.
Filvedlegg
Det er ikkje krav til å skanne dei originale dokumenta. Dokumenta kan også leggjast ved som tekstfiler (f.eks. Word).
Tryggleiken blir vareteken ved at innsendar har rolle/rett for innsending av årsrekneskapen via Altinn, og ved at det blir stadfesta at den innsende årsrekneskapen er fastsett av kompetent organ. Av den grunn er det ikkje krav om at årsrekneskapen m.v. som blir send til Rekneskapsregisteret er underskriven.
Om verksemda har dispensasjon frå kravet om at årsrekneskapen skal vere på norsk (rekneskapslova § 3-4 tredje ledd), skal dispensasjonen leggjast ved årsrekneskapen kvart år. Det same gjeld dispensasjon for unnatak frå plikta til å utarbeide eigen konsernrekneskap når morselskapet høyrer heime i annan stat enn EØS-stat (rekneskapslova § 3-7 fjerde ledd). Dispensasjon blir gitt av Skattedirektoratet.
Det er berre dokumenter knytte til årsrekneskapen som skal leggjast ved. Andre dokument kan sendast på e-post til firmapost@brreg.no. Årsrekneskapen og vedlagde dokument blir offentleg tilgjengelege.
For at Rekneskapsregisteret skal kunne behandle filvedlegget, bør det ha ein av desse filtypane:
Filtype | Dokument |
docx | Word |
doc | Word |
rtf | Tekstformat |
xlsx | Excel |
xls | Excel |
Bilde | |
jpg | Bilde |
jpeg | Bilde |
ods | Open document reknearkformat |
odt | Open document tekstformat |
tif | Bilde |
tiff | Bilde |
png | Bilde |
Det finst likevel variantar som fører til at dokumenta ikkje blir tilgjengelege for Rekneskapsregisteret:
Har du dokument med filtype Page eller Numbers, må desse lagrast som Word/Excel-fil eller pdf før innsending. Alternativt må dokumenta skannast og leggjast ved.
Tilbakemelding
Ved innsending til Rekneskapsregisteret får verksemda elektronisk tilbakemelding om motteken årsrekneskap.
Verksemda får vedtaket om årsrekneskapen i innboksen i Altinn, med varsling på e-post eller SMS, når saksbehandlinga er utført.
Rekneskapsregisteret sender e-post til e-postadressene som blei gitt i skjema for årsrekneskapen og til kontaktinformasjonen i Altinn. For å åpne vedtaket i Altinn, må du ha Adobe Reader installert.
Om årsrekneskapen blir nekta, og vedtaket i Altinn ikkje blir opna, sender Rekneskapsregisteret eit nytt varsel etter ei uke.
Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00