Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Annan informasjon til kreditorar konkursbu

Skjemaet blir brukt av bustyrar for å gjere opplysningar tilgjengeleg for kreditor og andre via tenesta Konkursbehandling

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet blir sendt inn dersom det finst opplysningar som du ønskjer å gi kreditorar og andre i samanheng med bubehandlinga.

Kven skal bruke skjemaet?

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha skrivetilgang i konkursbuet. Rolla vert automatisk tildelt til den som er registrert som bustyrar i konkursbuet. Bustyrar kan delegere skrivetilgang til andre ansatte ved advokatkontoret, til dømes andre advokatar, advokatfullmektig og sekretær.

Kva skal eg leggje ved?

Det må leggjast ved eit dokument. Det kan vere informasjon du ønskjer å gi kreditorane som det ikkje er mogeleg å sende inn via andre skjema.

Meir om skjemaet

Føremålet med skjemaet er å gjere opplysningar tilgjengeleg for kreditorar og andre via tenestaKonkursbehandling. Du må skrive inn tittelen på dokumentet i skjemaet. Når skjemaet med vedlegg blir sendt inn via Altinn, blir det vedlagde dokumentet lagt ut i tenestaKonkursbehandling med den tittelen du har skrive. Konkursregisteret mottek ikkje skjemaet eller vedlagte dokument.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00