Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Brønnøysundregistrene
  4. Annan informasjon konkursbu

Annan informasjon konkursbu

Skjemaet blir brukt av bustyrar for å gjere opplysningar tilgjengelege for kreditor og andre i tenesta Konkursbehandling.

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet skal sendast inn dersom det finst opplysningar som du ønsker å gi kreditorar og andre i samanheng med bubehandlinga.

Kven skal bruke skjemaet?

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha skrivetilgang i konkursbuet. Fullmakta blir automatisk tildelt den som er registrert som bustyrar i konkursbuet. Bustyrar kan delegere skrivetilgang til andre tilsette ved advokatkontoret, for eksempel andre advokatar, advokatfullmektigar og sekretærar.

Kva skal eg leggje ved?

Du må legge ved eit dokument med informasjon du ønsker å gi kreditorane som det ikkje er mogeleg å sende inn i andre skjema.

Meir om skjemaet

Føremålet med skjemaet er å gjere opplysningar tilgjengelege for kreditorar og andre i tenesta Konkursbehandling. Du må skrive inn tittelen på dokumentet i skjemaet. Når skjemaet, med vedlegg, blir sende inn i Altinn, blir det vedlagte dokumentet lagt ut i tenesta Konkursbehandling med den tittelen du har brukt. Konkursregisteret mottar ikkje skjemaet eller vedlagte dokument.

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00