Verksemder som er godkjende for å tilby bilpleie, hjulskift og hjullagring, skal kvart tredje år sende inn årleg melding med dokumentasjon som viser at dei framleis oppfyller krava til godkjenning. Godkjende verksemder må sende inn denne meldinga om dei framleis skal stå i oversikta over godkjende verksemder innan bilvask, dekkskift og dekkhotell, og framleis lovleg skal tilby desse tenestene.
30 dagar før fristen for å sende inn meldinga, vil Arbeidstilsynet gi beskjed til verksemda via Altinn. Beskjeden kjem enten på e-post eller via SMS til den som er oppgitt som kontakt i Altinn.  

Start teneste

Om denne tenesta

Dette skjemaet skal brukast dersom verksemda har fått beskjed frå Arbeidstilsynet om å fylle ut ei utvida årleg melding (med dokumentasjon). Det er eit krav om at alle godkjende verksemder må gjere dette kvart 3. år etter at dei fekk godkjenninga frå Arbeidstilsynet.

Frist for innsending av årleg melding

30 dagar før de skal sende inn ei utvida årleg melding, vil Arbeidstilsynet gi beskjed via Altinn til den de har oppgitt som kontaktinformasjon for verksemda i Altinn. Beskjeden kjem enten på e-post eller via SMS, avhengig av kva de sjølve har valt i Altinn.

Finn de ikkje ei lenke til utvida årleg melding i innboksen dykkar i Altinn, kan de bruke knappen på denne sida for å starte tenesta og få opp skjemaet.

Merk: Dersom de ikkje skal sende inn utvida årleg melding no, vil de få ei feilmelding når de opnar skjemaet.

Vedlegg

I denne meldinga må de legge ved følgande dokumentasjonen avhengig av kva type godkjenning de har:

  • Arbeidsavtalar som oppfyller krava til arbeidsavtalar
  • Dokumentasjon på at de er tilknytte ei godkjend bedriftshelseteneste
  • Dokumentasjon på at de har gyldig yrkesskadeforsikring

De kan også bli bedne om å legge ved:

Gyldig utsleppsløyve (frå kommunen)

Dokumentasjon på at de har verneteneste (verneombod, eller avtale om anna ordning, og arbeidsmiljøutval)

Alle verksemder som er godkjende av Arbeidstilsynet for å tilby bilpleie, hjulskift og hjullagring, skal sende inn ei utvida årleg melding kvart tredje år etter at dei vart godkjende.

Verksemdene som skal sende inn ei utvida årleg melding, vil få beskjed via Altinn om når dei skal sende inn meldinga.

Treng du hjelp?

Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:

Kontakt svartenesta

Meir informasjon:

Arbeidstilsynets nettsider

Åpne kontaktskjema