Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Arbeidstilsynet
  4. Utvida årleg melding for godkjende verksemder som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring

Utvida årleg melding for godkjende verksemder som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring

Verksemder som er godkjende for å tilby bilpleie, hjulskift og hjullagring, skal kvart tredje år sende inn årleg melding med dokumentasjon som viser at dei framleis oppfyller krava til godkjenning.

Godkjende verksemder må sende inn denne meldinga om dei framleis skal stå i oversikta over godkjende verksemder innan bilvask, dekkskift og dekkhotell, og framleis lovleg skal tilby desse tenestene.

Rettleiing
Når skal skjemaet brukast?

Dette skjemaet skal brukast dersom verksemda har fått beskjed frå Arbeidstilsynet om å fylle ut ei utvida årleg melding (med dokumentasjon). Det er eit krav om at alle godkjende verksemder må gjere dette kvart 3. år etter at dei fekk godkjenninga frå Arbeidstilsynet.

Kven skal bruke skjemaet?

Alle verksemder som er godkjende av Arbeidstilsynet for å tilby bilpleie, hjulskift og hjullagring, skal sende inn ei utvida årleg melding kvart tredje år etter at dei vart godkjende.

Verksemdene som skal sende inn ei utvida årleg melding, vil få beskjed via Altinn om når dei skal sende inn meldinga.

Tilgangar til skjemaet i Altinn

Tilgangspakkar

Sende inn skjema
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha éin av følgjnde tilgangspakkar under fullmaktsområdet «Forhold ved virksomheten» i Altinn:

  • «Starte, endre og avvikle virksomhet »

Skjemaet er også ope for personar med desse to rollene i Einingsregisteret:

  • «Kontaktperson NUF»

  • «Norsk representant for utenlandsk enhet (repr)»

Motta post
For å få post frå oss må du ha følgande tilgangspakkar:

  • «Ordinær post til virksomheten»

Om du ikkje har desse tilgangspakkane, kan du få ein person som er «hovedadministrator» eller har «tilgangsstyring» i verksemda dykkar til å gi deg fullmakt til desse tilgangspakkane. Personen som gir deg fullmakt, må sjølv også ha dei same tilgangspakkane.

Les meir om tilgangstyring

Enkeltteneste

Du kan også få tilgang til dette skjemaet ved å få fullmakt til det som ei enkeltteneste i Altinn.

Du får fullmakta frå ein person som er «hovedadministrator» eller er «tilgangsstyrer» i verksemda di. Denne personen må også ha den same enkelttenesta som du skal ha tilgang til.

Enkelttenesta heiter:

  • «Utvida årleg melding for bilpleieverksemder»

I tillegg må de ha tilgang til:

  • «Årleg melding for godkjend verksemd som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring» – for å kunna senda inn årleg melding for bilpleieverksemda

  • «Søknad om godkjenning av bilpleie, hjulskift og hjullagring» – for å kunna senda inn ny søknad dersom det er behov for det

Sjå også ein stegvis guide om korleis de gir fullmakt til enkelttenester i Altinn:

Gi fullmakt til enkelttjenester

Kva skal eg leggje ved?

I denne meldinga må de legge ved følgande dokumentasjonen avhengig av kva type godkjenning de har:

  • Arbeidsavtalar som oppfyller krava til arbeidsavtalar

  • Har dokumentasjon for inngått tariffavtale dersom de har ein slik avtale 

  • Oppfyller krava for timesatsar i samsvar med allmenngjeringsforskrifta

  • Dokumentasjon på at de er tilknytte ei godkjend bedriftshelseteneste

  • Dokumentasjon på at de har gyldig yrkesskadeforsikring

De kan også bli bedne om å legge ved:

  • Gyldig utsleppsløyve (frå kommunen)

  • Dokumentasjon på at de har verneteneste (verneombod, eller avtale om anna ordning, og arbeidsmiljøutval)