Lønnstilskot er ei støtteordning for arbeidsgjevarar som kan innvilgast førebels eller varig. Det inngås ein avtale mellom NAV og arbeidsgjevar som avklarer varighet, tilsetjingstilhøve og behov for oppfølging.
Avtale om oppstart av lønnstilskot inneheld personopplysningar. Søknaden skal bare innehalde personopplysningar om den arbeidstakaren som søknaden gjeld. Søknaden skal ikkje innehalde fleire personopplysningar enn det som er naudsynt for å handsame søknaden.
Verksemda er ansvarleg for å sikre at personopplysningar blir handsama i tråd med bestemmingane i personopplysningslova. Sjå nærare informasjon om personvern på arbeidsplassen i rettleiing frå Datatilsynet.
Finn skjemaet på nav.noSkjemaet skal brukes når en virksomhet vil ansette en person som har utfordringer med å få jobb på ordinære lønns- og arbeidsvilkår, og hvor det er avtalt at NAV kan dekke noe av lønnsutgiftene.
Skjemaet skal nyttast av personar som representerer ei bedrift - ikkje ei juridisk eining. Rolla «Helse-, sosial og velferdstjenester» gir tilgang til tenesta.
Du kan sjå kva slags roller du har for aktør på sida Profil, roller og rettigheter. Om du ikkje har den naudsynte rolla, må du få nokon til å delegere ho til deg.
Tenesta kan innehalde sensitiv informasjon og krev derfor minimum innlogging med sikkerheitsnivå 3. (Sikkerheitsnivå blir angjeve med ikon ved sida av innloggingsval.)
Skjemaet gir NAV naudsynt informasjon for å kunne innvilge tilskot til lønn. Sjå Forskrift om arbeidsmarkedstiltak kap 9 Midlertidig lønnstilskudd og kap 10 Varig lønnstilskudd.
I denne instruksjonsfilmen får du ein detaljert gjennomgang av heile søknadsskjemaet om lønnstilskot. Du kan også ta kontakt med NAV Kontaktsenter – Arbeidsgjevartelefonen. Sjå kontaktinformasjon under.
NAV Kontaktsenter – Arbeidsgivertelefonen 55 55 33 36