Enklere og meir fleksibel klientadministrasjon i nye Altinn
For bransjar som rekneskap og revisjon inneber dette ei viktig modernisering med nye omgrep, prosessar og tekniske løysingar. Her er dei viktigaste endringane du bør kjenne til.
Kva er nytt i klientadministrasjon?
Funksjonaliteten for klientadministrasjon er no betydeleg utvida og tilgjengeleg for langt fleire enn før.
1. Tilgjengeleg for alle verksemder
Tidlegare var klientadministrasjon reservert for rekneskapsførarar og revisorar. No er løysinga opna opp slik at alle verksemder kan ta ho i bruk for å handtere fullmaktene sine meir effektivt.
2. Gi mottekne fullmakter vidare
- Ei av dei største nyheitene er moglegheita til å gi vidare fullmakter verksemda sjølv har fått:
Verksemder kan no gi fullmakter dei har fått frå kundar eller partnarar vidare til eigne tilsette eller andre samarbeidspartnarar. - Ein kan gi og handtere fullmakter til privatpersonar direkte i den nye løysinga for klientadministrasjon.
Tryggleik: Fullmakter som er gitt vidare blir fjerna automatisk dersom den opphavlege fullmakta frå sluttbrukaren eller kunden blir sletta.
3. Automatisk fullmakt for leiarar
Dagleg leiar og styreleiar får automatisk rolla klientadministrator. Dette gir leiinga større fleksibilitet til å administrere fullmakter direkte.
Du kan no gi rolla ’Klientadministrator’ til andre tilsette i verksemda. Dette gir dei tilgang til menyen for klientadministrasjon, slik at dei sjølv kan gi tilgangspakkar og styre kven som skal jobbe på dei ulike klientane.
Revisorar og rekneskapsførarar får ein enklare kvardag
Når klientar gir fullmakter direkte – til dømes når ein ektefelle til innehavar av eit enkeltpersonføretak skal gi fullmakt til rekneskapsførar – kan ein no gi fullmakta til verksemda, ikkje enkeltpersonar.
Dermed kanein handtere alt via klientadministrasjon, og det er ikkje lenger behov for individuelle tildelingar frå klienten til tilsette.
Teknisk modernisering: API erstattar filopplasting
Dagens løysing med opplasting og nedlasting av filer blir no erstatta av eit moderne API for klientadministrasjon. Dette gjer at tilgangsstyring i større grad kan handterast direkte i sluttbrukarsystema som rekneskapsførarar og revisorar allereie brukar. Gammal løysing i «gamle Altinn» vil framleis vere tilgjengeleg fram til 19. juni 2026.
Er du systemleverandør?
Les meir om det tekniske API-et og korleis de integrerer den nye løysinga.
Vil du vita meir?
Du finn detaljert informasjon og rettleiing om korleis du brukar den nye funksjonaliteten på hjelpesidene våre:
Gå til hjelpesida for Klientadministrasjon
Gå til hjelpesida for Tilgangspakker
Gå til hjelpesida for Steg for steg-guidar