Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Nyheter
  3. Altinn-rollene blir erstatta av tilgangspakker – sånn handterer du overgangen

Altinn-rollene blir erstatta av tilgangspakker – sånn handterer du overgangen

Tilgangspakker er den nye løsninga for å gi fullmakter til dei skjemaa og tenestene som tilhøyrer eit gitt fullmaktsområde. I overgangen fra roller til tilgangspakker må ein i mange tilfelle gi fullmakter på nytt. Her er våre beste råd til korleis ein handterer overgangen.

Dei gamle Altinn-rollene har vist seg å vere for lite presise som grunnlag for tilgangsstyring.  Derfor blir dei erstatta av rundt 120 tilgangspakker fordelt på 20 kategoriar for verksemder og 35 tilgangspakker for privatpersonar. Tilgangspakkene gir ein meir presis tilgangsstyring og sikrer at riktig person får riktige fullmakter.

Hovudregelen er at fullmaktene må bli gitt på nytt, men det finst enkelte unntak der gamal rolle blir videreført som ny tilgangspakke:

  • Roller for administrasjon av fullmakter: Hovudadministrator / Klientadministrator / Tilgangsstyrar
  • Roller for revisorar (registrerte i Einingsregisteret): Ansvarleg revisor / Revisormedarbeidar
  • Roller for rekneskapsførarar (registrerte i Einingsregisteret): Regnskapsførar med signeringsrett / Rekneskapsførar utan signeringsrett / Rekneskapsførar løn 
  • Rolle for forretningsførar for burettslag og eigarseksjonssameige (registrerte i Einingsregisteret): Forretningsførar eigedom
  • Rolla Skatteforhold for privatpersonar, men berre delegeringar frå mars 2021 og nyare blir automatisk overført

Merk at sjølv om fullmaktene blir videreførte, er det ikkje noko automatikk i at nøyaktig dei same tenestene som var i dei gamle rollene blir del av dei nye tilgangspakkene.

Når må eg gjere noko?

Tilgang til tenester gjennom Altinn-roller opphøyrer 31. desember 2026, men for mange tenester vil det vere behov for fullmakt gjennom tilgangspakker tidlegare enn dette. Følg med på informasjon frå etatene som eig dei ulike tenestene du brukar.

Viss du brukar eit system som er integrert mot tenestene i Altinn må dette vere over på nye grensesnitt innan 31. mai 2026 for å ha kontinuitet i tilgangen. Merk at enkelte tenester (både skjema og meldingar) kan kreve at ein tar i bruk nye grensesnitt tidlegare enn dette.

Kva må eg gjere?

Kva tilgangspakker må eg gi?

Det er vanskeleg å gi generelle råd om kva tilgangspakke du skal gi. Dette er fordi det som tidlegare har lege i ei rolle no vil vere spredd ut over fleire tilgangspakker. Derfor har vi ikkje kunna konvertere roller til tilgangspakker, eller lage nokon tabell for kva roller som blir erstatta av kva tilgangspakker.

Eit døme på dette er rolla Utfyllar/innsendar, som inneheld meir enn 400 tenester innafor eit vidt spekter av tema. Her vil relevant tilgangspakke avhenge av innhaldet i den enkelte tenesta.

Det er etatane som eig tenestene som bestemmer kva tilgangspakker dei legg  tjenestene sine i. Du må derfor vurdere kva tenester dei ulike personane og verksemdene treng tilgang til, og finne ut kva av dei nye tilgangspakkene desse tenestene ligg i.

Det finst informasjon om kva tenester som ligg i kva tilgangspakker som del av sidene for tilgangsstyring. Sjå også hjelpesidene om korleis ein finn riktig tilgangspakke.

Korleis får eg oversikt over kva fullmakter vi har gjennom Altinn-roller?

Sidene for tilgangsstyring inneheld ei oversikt over kven som har tilgang og kva dei har tilgang til. Denne viser både dei gamle rollene og dei nye tilgangspakkene. For verksemder der same personar har same fullmakter på hovudeining og undereining vil dette ofte gi ei tilstrekkeleg god oversikt. For verksemder der mange fullmakter er definert på dei ulike undereiningene, kan det vere nyttig å laste ned ei oversikt over alle roller. Dette gjør ein frå tilgangsstyringssidene i gamle Altinn:

Bilde av tilgangsstyringssidene i gamle Altinn. Menyvalget "Andre med rerrigheter til virksomheten" er ekspandert, og knappen "Last ned til fil" er trykket på. En dialog vises om å starte nedlasting.

Korleis gir eg fullmakt til ei tilgangspakke?

Dei som er hovudadministrator i si verksend, eller har tilgangsstyring og dei tilgangspakkene ein skal gi fullmakt for kan handtere kven som har kva fullmakter. Dette gjer ein frå sidene for tilgangsstyring. Vi har laga ein steg-for-steg-guide til korleis ein gir fullmakter til tilgangspakker.

Merk at fullmakter gitt på hovudeining blir arva av alle undereiningar, mens fullmakter gitt på undereningar ikkje gir noko tilgang til hovudeininga eller andre undereiningar.

Eg treng å gi fullmakt til tilgangspakker for svært mange personar - må eg bruke Altinn i nettlesar til dette?

For dei som handterer tilgangsstyring for svært mange personar, kan det vere eit relevant alternativ å integrere eit eller fleire system i verksemda med dei tekniske grensesnitta for tilgangsstyring, eventuelt å anskaffe eit system som har denne funksjonaliteten. Teknisk personell som ønskjer å setje opp integrasjon kan ha nytte av ein teknisk guide til dette grensenittet.

Gi fullmakt til ei enkeltteneste

I nokre tilfelle kan det vere ønskeleg å gi fullmakt til ei enkeltteneste i staden for ei tilgangspakke. Du avgrenser då fullmakta til å gjelde éi bestemt oppgåve i Altinn, til dømes eitt skjema, éi meldingsteneste eller ein spesifikk digital teneste.

Dette kan vere nyttig når ein person berre skal utføre éi konkret oppgåve, og ikkje treng tilgang til alle tenestene som ligg i ei tilgangspakke. 

Du finn ein steg-for-steg-guide til korleis du gir fullmakt til enkelttenester på hjelpesidene for tilgangsstyring.

Eg bruker eit system til å hente meldingar og/eller gjere rapportering – kva må eg gjere?

I Altinn 3 har vi innført systemtilgang som ein ny standard for tilgangsstyring ved utveksling av data mellom sluttbrukar (til dømes rekneskapsførar), sluttbrukarsystem (til dømes rekneskapssystem) og offentleg sektor (til dømes Skatteetaten). Dette overtek for dagens verksemdsbrukar, men er forventa å vere meir utbredt i bruk.

Ein må sette opp ein systemtilgang for kvart system som skal kunne brukast. Systema handterer oppsett litt ulikt i praksis, der hovudforskjellen er kor mykje som blir gjort frå systemet kontra kor mykje ein må gjere i portalen. Vi anbefaler derfor å følgje med på informasjon frå systemleverandørane dine. Vi har laga steg-for-steg-guidar til korleis ein sett opp og godkjenner systemtilgangar.

Eg jobbar med tilgangsstyring for ei verksemd i offentleg sektor – er det noko spesielt eg bør tenkje på?

Jobben som skal gjerast er i utgangspunktet den same for alle typer verksemder. Men det er verdt å merke seg at Altinn ikkje behandlar verksemder med organisasjonsformen organisasjonsledd som undereiningar. Dei som har tilgang for verksemda si hovudeining vil dermed ikkje automatisk få tilgang på underliggjande organisasjonsledd.

I Altinn 3 er det mogleg for eit organisasjonsledd å gi fullmakt til tilgangspakker til verksemda si hovudeining. Når ei slik fullmakt er gitt, kan personar med rolla klientadministrator i hovudeininga administrere kven som skal ha tilgang til dei aktuelle tilgangspakkene gjennom funksjonaliteten klientadministrasjon.

Døme – kommune med organisasjonsledd

Viss du jobbar i ein kommune, vil kommunen vere registrert som hovudeining. Nokre kommuner er registrerte sånn at til dømes oppvekst og utdanning er registrert som organisasjonsledd, og at den enkelte skulen er undereining til organisasjonsleddet.

Ein tilsett i kommunen som har tilgang til tenester på hovudeininga vil i eit slikt tilfelle ikkje automatisk ha tilgang til tenester for oppvekst og utdanning, eller skulen. Den som er administrator for oppvekst og utdanning er administrator også for den enkelte skulen.

Om oppvekst og utdanning gir fullmakt til hovudeininga, kan ein klientadministrator i kommunen administrere kven som skal ha tilgang til relevante tilgangspakker for både oppvekst og utdanning og den enkelte skulen via klientadministrasjon.

Eg er rekneskapsførar eller revisor – er det noko spesielt eg bør tenke på?

Spesialrollene for rekneskapsførarar og revisorar blir videreførte, men fullmakter du har fått gjennom at dine kundar aktivt har delegert dei til deg må bli gitt på nytt. Vis dei gjerne til denne informasjonen, supplert med ei liste over kva tilgangspakker det er ønskeleg at dei gir fullmakt for.

I Altinn 3 er det dog støtta at kunden kan gi fullmakt til relevante tilgangspakker til rekneskapsførar- eller revisorverksemda (på organisasjonsnummeret), og at dei som er klientadministrator kan benytte klientadministrasjonsfunksjonaliteten til å gi desse fullmaktene til dei personane og/eller systema som skal ha tilgang.

Merk at moglegheiten for å gjere klientadministrasjon via fil blir erstatta av API som gjer klientadministrasjon tilgjengeleg frå system. Viss du har planlagt større revisjonar av klientfullmakter ved bruk av delegeringsfil må dette vere gjort innan Altinn II stenger 19. juni 2026.

Har du spørsmål du tenker burde vore svart på her?

Denne artikkelen vil bli oppdatert og utvida i tida fram mot at Altinn-rollene blir avvikla. Viss du har eit spørsmål du tenkjer burde vore svart på her – dvs. eit generelt spørsmål som mange ville hatt nytte av svar på – send det gjerne til altinnmodernisering@digdir.no. Viss du treng konkret rettleiing for ditt spesielle tilfelle, sjå gjerne hjelpesidene våre og kontakt eventuelt brukerstøtta vår.