Søk i hjelpesidene
2 treff på "tildele rettighet"
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i administrativ eining i offentleg sektor (ADOS)
- Kontaktperson NUF
- Norsk representant for utanlandsk eining
- Styret sin leiar
I enkelte skjema er det mogleg å tildela ein signeringsrett ved å angje kven som skal signera direkte i skjemaet før innsending. Signeringsretten kan anten tildelast eit fødselsnummer eller eit organisasjonsnummer (verksemd).
Rollen parallell signering vert berre brukt dersom signeringsretten vert tildelt eit organisasjonsnummeer. Då er det dei eksterne rollene som ment ovanfor som kan signera, på grunn av at dei har forhåndstildelt rollen parallell signering. Rollen kan verta vidare delegert til andre i verksemda.
Er du t.d. rekneskapsførar eller revisor, kan du opprette ein systemtilgang som kan tildelast fullmakter for kundene dine. Då vil systemet kunne sende inn og hente ut data på vegne av kundane.
Denne systemtilgangen kan kun opprettast via ein flyt i det fagsystemet du vil bruke. Når du har oppretta den, går du til altinn.no og finn “Systemtilgangar” i venstremenyen. Då skal systemtilgangen ligge synleg under lista “Systemtilgangar for kundar”.
For å legge til kundane som er relevante for den systemtilgangen, vel du den aktuelle systemtilgangen i lista. Der vil du få opp kundar som er registrert på di verksemd i Einingsregisteret, eller kundar som har gitt verksemda di fullmakt direkte.