105 treff på ""
Nokon skjema har spørgsmåltekn du kan trykke på for å få rettleiing til den aktuelle posten. Ta kontakt med etaten som er mottakar og eigar av skjema det gjeld, dersom du treng meir hjelp til utfylling. Kontaktinformasjonen til etaten finn du ved å trykke på "Om skjema" øvst til høgre i skjemaet.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
Styrande reiar
Bustyrar
Daglig leiar
Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
Innehavar
Komplementar (berre fødselsnummer)
Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
Norsk representant for utenlandsk eining
Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
Styret sin leiar
Viss du ønskjer å fjerne samtykke kan dette gjerast ved å gå inn på Profil → Samtykke, og velje det samtykke du ønskjer å fjerne. Da vil du kunne klikke på Fjern samtykke øvst til høgre.
Har du gitt eit eingangssamtykke til banken, kan ikkje dette trekkast.
Denne søkesida viser berre treff frå hjelpesenteret . Klikk her for å søke på "" i anna innhald på Altinn.
For å nytte dette innloggingsvalet må du bestill nytt kodebrev frå Altinn. Når nytt kodebrev blir teke i bruk, blir eventuelle gamle kodebrev ugyldige.
Eingongskodebrev frå Altinn har 30 kodar og kan ikkje brukast ved innlogging gjennom MinID (eige kodebrev med 20 PIN kodar).
For å nytte dette innloggingsvalet må du fyrst logge inn via ein annen innloggingsmetode og registrere passord og mobilnummer under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.
Denne innloggingsmetoden blir også brukt av dei som loggar inn via eit datasystem.
Ved å klikke på Klientdelegering på fil vil du få høvet til å delegere eller slette mange klientrollar til fleire medarbeidere samstundes.
Under Klientdelegering på fil vil du få opp ei liste over korleis ei slik delegering vert utført.
Rolla er på førehand tildelt følgjande eksterne roller (i Selskap registrert som rekneskapsførar og revisor):
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Styret sin leiar
* Desse eksterne rollene er ikkje forhåndstildelt nokon av rollane Tilgangsstyring eller Klientadministrator, som vert kravt for å kunna delegera vidare
Ein Hovedadministrator kan delegere alle enkelttenester og rollar for ein verksamd, også enkelttenester og rollar man ikkje har sjølve.
Hovedadministrator-rolla kan kun delegerast av dagleg leiar, styrets leiar, bestyrende reder, innehaver, deltakar med delt ansvar eller deltakar med fullt ansvar. Har du fått delegert rolla Hovedadministrator kan du ikkje gi den videre til nokon andre.
Har du tasta feil fødselsnummer/brukarnamn, passord eller kode ti gonger blir du sperra for innlogging i 1 time. Innloggingsmetodene som tilhøyrer ID-porten blir ikkje påverka av dette. Du kan for eksempel logge inn med MinID eller BankID istede.
Forsøk å slå av og på mobiltelefonen din. Har du tvillingsimkort mottek du kode på hovudkortet. Logg inn med ein annan innloggingsmetode og sjekk om det er registrert riktig mobilnummer i Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.
Trykk på meldinga og trykk på Del og gi tilgang. Ein kan velja anten personar som står på lista eller legg til ny person.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Rekneskapsførar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Bustyrar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Styret sin leiar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Revisor
Det er to måtar å oppdatera sertifikatet på brukaren:
Alternativ 1 (kan berre gjerast før det gamle sertifikatet går ut):
- Logg inn med verksemdsbrukaren her:
https://www.altinn.no/ui/authentication/enterpriseidentified
- Gå til Profil -> Innloggingsinformasjon
- Vel "Legg til sertifikat" og last opp cer-filen. Sjå instruksjon for å laga fila lengre ned.
Alternativ 2:
- Logg inn med fødelsnummer som har rolla Tilgangsstyring.
- Representer firmaet.
- Gå til Profil -> Avanserte innstillingar -> Registrer ny brukar med verksemdssertifikat.
- Vel "Rediger brukar og sertifikat" til høgre for brukarnamnet. Slett det gamle sertifikatet (ikkje slett brukaren).
- Legg til det nye sertifikatet ved å lasta opp .cer-filen.
- Det kjem inga stadfesting, men inga feilmelding = OK.
Slik lagar du ein cer-fil i Windows: Trykk på startknappen → søk på: sertifikat → vel Administrer brukarsertifikat → vel Personleg → Sertifikater → høgreklikk på sertifikatet → trykk på Alle oppgåver → Eksporter → deretter bruker du standardvala i vegvisaren (neste) til du kjem til filnamn, vel eit namn på fila og lager ho ein stad der du finn han igjen.
Delegering av buroller enkeltvis blir gjort frå menyen Profil → Burolledelegering > Burolledelegering enkeltvis. Pass på at du representerer bustyrar i profilen for få valet Burolledelegering i profilen.
Øvst i biletet kan du velje Vis roller tildelt brukar og Konkursbu. Det du legg inn her bestemmer kva du skal få opp i resultatlista under.
I lista for Vis roller tildelt brukar kan du velje bustyrar sitt namn.
I nedtrekkslista Konkursbu kan du velje kva konkursbu du ønskjer å sjå roller på.
Når du skal delegere buroller til ein medarbeidar eller kreditor, vel du bustyrar i lista Vis roller tildelt brukar. Deretter vel du organisasjonsnummeret til konkursbuet i feltet Konkursbu og klikker på Oppdater. Du får då opp kva roller bustyrar har på konkursbuet i lista under.
I lista under markerer du rolla(rollene) som skal delegerast. Avslutt ved å klikke på knappen Deleger.
Bustyrer får automatisk alle rollane som vert tildelt bustyret, gjennom å være registrert som bustyrer.
Skal du slette roller, vel du ikkje bustyrar i lista Vis roller tildelt brukar. Men vel ønskt konkursbu i lista Konkursbu og klikkar på Oppdater.
Under Deleger eller slett fleire roller veljar du alternativet Slett rollar
Du kan velje å slette ei og ei rolle ved å klikke på Slett delegering til høgre for rolla, eller du kan velje å slette fleire samtidig ved å huke av i boksen på venstre side og deretter klikke på knappen Slett.
Ver merksam på at roller som høyrer til bustyrar ikkje kan slettast direkte i Altinn, sidan bustyrar har roller som følgje av registrering i Einingsregisteret.
- Feil brukernamn/passord/pinkode oppgitt for brukeren som skal signera.
- Oppdater passordet som er registrert under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon på Altinn.no.
- Sjekk at du brukar riktig kode for vald autetiseringsmetode.
- Feil passord for datasystem ID.
- Passordet til datasystemet kan oppdaterast under Profil → Avanserte innstillingar → Datasystem i Altinn. Klikk på Rediger til høgre for tildelt ID og legg inn passord.
I nokre skjema kan du leggja til vedleggsskjema, i tillegg til eigne filvedlegg. Dette blir gjort under Oversyn → Skjema og vedlegg, ved utfylling av skjema.
Verksemder må sikra at det er berre dei som har tjenstleg behov, som får tilgang til teiepliktig post. Ingen i verksemda har automatisk tilgang til rolla Taushetsbelagt post. Dei som har rolla Hovudadministrator kan delegera tilgangen til seg sjølv eller andre, under Andre med rettar i profilen. Ligg ikkje vedkomma her frå før veljar du Legg til ny person ...
Dersom ein ønskjer å gi ein annan tilgang til å lesa eitt enkelt element som er teiepliktig, kan den som har rolla Taushetsbelagt post velja Del og gi tilgang frå meldinga i innboksen.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar/administrerande direktør
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i administrativ enhet i offentlig sektor (ADOS)
- Kontaktperson NUF
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Styret sin leiar
Her er ei liste over kven som har fått roller førehandstildelt i Altinn.
- Innehavar
- Dagleg leiar
- Styreleiar
- Bustyrar
- Styrande reiar
- Deltakar med delt ansvar
- Deltakar med fullt ansvar
- Komplementar
- Kontaktperson i adm. eining - offentleg sektor
- Norsk representant for utanlandsk eining
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Bustyrar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leder
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)Forretningsfører
- Innehaver
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i administrativ eining i offentleg sektor (ADOS)
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Kontaktperson
- Nestleiar i styret *
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styret sin leiar
- Privatperson
* Desse eksterne rollene er ikkje forhåndstildelt nokon av rollane Tilgangsstyring eller Klientadministrator, som vert kravt for å kunna delegera vidare
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Rekneskapsførar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styret sin leiar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Norsk representant for utenlandsk eining
Sletting av klientrollar kan skje på to måtar, anten enkeltvis eller samla.
Sletting av klientroller enkeltvis gjerast ved å klikke på Endre rettar til høgre for han du ønskjer å fjerne, då vil du få opp alle klientane personen har tilgang til. For å slette klientrollar må du klikke Endre rettar → Fjern alle.
For å slette klientrollar samla må du først laste ned delegeringsfilen du finn ved å klikke på Klientdelegering på fil. I denne fila må du leggja inn "U" for utgått istede for "A" for Aktiv. Ved å laste opp fila, vil de delegerte rollane slettes.
Når bustyrar blir registrert på konkursbuet i Einingsregisteret, kan bustyrar delegere roller på buet til medarbeidarane og kreditorane sine.
Delegering av buroller blir gjort i menyen Profil → Burolledelegering. Bustyrar må representere seg sjølv som privatperson for å få opp dette valet i profilen.
Bustyrar kan også delegere rolla Konkursbu tilgangsstyring til medarbeidar på kontoret, slik at også andre personar kan delegere buroller til medarbeidarar og kreditorar.
Viss du ønskjer å overføre data frå ein sjølvregistrert brukar til ny brukar med fødsels- eller D-nummer, så kan dette gjerast under Profil → Avanserte innstillingar → Overfør brukar.
Du loggar deg inn som privatperson i Altinn. Viss du har tilgang på nokon andre enn deg sjølv, kan du etter innlogging velja kven du skal representera.
For å representera eit organisasjonsnummer i Altinn må du anten registrerast med ei ekstern rolle i Einingsregisteret, som til dømes innehavar, dagleg leiar eller leiaren i styret, eller du må få delegert ei rolle på vegne av organisasjonsnummeret i Altinn.
Dersom du veit tittelen på meldinga du leter etter så kan du søkje i søkjefeltet.
Hvis du trykk på forstørrelsesglaset i søkjefeltet og deretter på det blå plusstegnet vil du kunne begrense treffane. Du kan begrense treffane på til dømes kun innboks, status eller periode.
Har du ein arkivreferanse kan du søkje opp denne under Status.
Ønskjer du å søke opp meldingar for fleire aktørar samstundes klikker du på namnet ditt oppe til høgre → Vis alle aktørar → Søk for fleire aktørar.
Alle meldingar har ein aktivitetslogg. Når du trykk på ei melding du har i innboksen din vises Aktivitetslogg.
Den viser kven som har; oppretta, opna og signert ei melding. Du kan også sjå om det er sendt ut varsel på sms/e-post.
Det er avsendar av meldinga som vel om det skal sendast ut varsel.
For å representera andre enn deg selv i Altinn må du først få tildelt en enkeltteneste eller ei rolle for den aktuelle aktøren.
Daglig leiar/styreleiar/hovudadministrator kan gi deg tilgang. Her kan dei sjå korleis dei skal gå fram: Altinn - Korleis gje rettar til andre?
I menyen alle skjema vil du finne alle skjema og tenester som ligg i Altinn. Du kan enten bruke søkefeltet øvst på siden, eller gå inn på ein av kategoriane på venstre side. Du vil òg kunne sortere etter etat ved å trykkje på Etatar.
Er du usikker på kva for skjema du skal bruke må du ta kontakt med mottakar.
Føresetnad:
Du må ha minst ei rolle eller ein rett frå før på den aktuelle eininga eller personen for å kunne opprette ein førespurnad.
Slik gjer du det:
Når du åpna eit skjema eller en teneste du ikkje har rett til, kan du trykke på knappen "Be om tilgang".
Du kan også be om tilgang ved å velje menyen Profil, undermenyen Skjema og tenester du har rett til og så klikke på knappen Opprett ny førespurnad. På neste side søker du opp skjema eller tenesten du ønske tilgang til.
Dette skjer ved delegering:
Dei som kan gi tilgangar til deg, vil sjå førespurnaden din når dei loggar inn. Du får bekreftelse på e-post fra Altinn når tilgang er gitt.
Avslag:
Du vil ikkje bli varsla på e-post dersom du du får avslag på førespurnaden din.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Revisor
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Forretningsførar
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Nestleiar i styret *
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styremedlem *
- Styret sin leiar
* Desse eksterne rollene er ikkje forhåndstildelt nokon av rollane Tilgangsstyring eller Klientadministrator, som vert kravt for å kunna delegera vidare
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Forretningsførar
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Kontaktperson (øvrige einingar bl. a organisasjonsledd) *
- Nestleiar i styret *
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styremedlem *
- Styret sin leiar
* Desse eksterne rollene er ikkje forhåndstildelt nokon av rollane Tilgangsstyring eller Klientadministrator, som vert kravt for å kunna delegera vidare
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Styret sin leiar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Forretningsførar
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styret sin leiar
- Pin-koden er ikkje lengre gyldig.
- Be om ny kode via datasystemet.
- Det er brukt feil ID eller passord fleire enn 3 gånger. Alle som brukar ID-nummeret på kontoret vert sperra i 1 time.
- Sjekk datasystem ID og oppdater passordet i Altinn.
- Alternativt: Registrer ei ny ID i Altinn og legg inn ny ID og passord i datasystemet. Kan brukast med ein gong.
For å kunne bruke denne innloggingsmetoden, må du fyrst lage ein ny brukar.
Dette blir gjort ved å velje Logg inn → Gå vidare til fleire innloggingsmetoder → Innlogging utan fødselsnummer/D-nummer og vel Lag ny brukar.
Berre eit fåtall tenester er tilgjengeleg via denne innloggingsmetoden, og det er ikkje mogleg å få tildelt roller til ein brukar utan fødselsnummer/D-nummer i Altinn.
Innloggingsmetoden du vel har mykje å seie for kva sikkerheitsnivå du har i Altinn. Det er forskjellige krav til sikkerheitsnivå på dei ulike skjema og tenestene i Altinn.
Om du har for lågt sikkerheitsnivå når du freistar å ta i bruk ei teneste, vil du få melding om å logge inn på nytt og velje ein innloggingsmetode med høgare sikkerheitsgrad.
Sikkerheitsnivå 4 - Innlogging med BankID, Buypass smartkort, Commfides og BankID på mobil
Loggar du inn med Commfides, BankID, BankID på mobil eller Buypass smartkort får du tilgang på det høgaste sikkerheitsnivået i Altinn. Dette sikkerheitsnivået er nødvendig blant anna for å signere kontonummerendring for refusjonar frå NAV og sende inn melding frå bustyrar.
Sikkerheitsnivå 3 - Innlogging med MinID (via ID-porten)
Vel du å logge inn med PIN-kodar frå MinID, får du tilgang til det nest høgaste sikkerheitsnivå i Altinn, og du vil få tilgang til dei fleste tenestene.
Sikkerheitsnivå 2 - Innlogging med Altinn kodebrev/SMS-kode
Med eingongskode frå Altinn kan du logge inn på sikkerheitsnivå 2. Du får tilgang til ei rekkje tenester.
Sikkerheitsnivå 1 - Innlogging med berre passord
Om du loggar inn med berre passord, får du tilgang til eit avgrensa tal tenester i Altinn. Du får ikkje tilgang til å endre mobiltelefonnummer i profilen med denne sikkerheitsgraden.
Sikkerheitsnivå 0 - Innlogging utan fødselsnummer/D-nummer
Om du ikkje har fødselsnummer eller D-nummer, kan du logge inn med brukarnamn og passord som du sjølv har registrert. Det gir tilgang på sikkerheitsnivå 0 i Altinn og berre eit fåtal tenester er tilgjengelege.
Har du rolla Tilgangsstyring eller Hovudadministrator, kan du hente ned ei fil med oversikt over alle roller og rettar.
Fila kan du hente ved å gå til menypunktet Profil og Andre med rettar til verksemda. Vel Last ned til fil.
Det er ei zipfil som inneheld 2 csv-filer, som kan opnast i Excel. Den eine med oversikt over alle rettar og den andre med alle roller. Det er også mogleg å inkludere delegeringar til undereiningar. På organisasjonsformane kommune og fylke, viser den og delegeringar på organisasjonsledd og deira undereiningar.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne roller:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Forretningsførar
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Kontaktperson (øvrige einingar bl. a organisasjonsledd)
- Nestleiar i styret *
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrerte hos Skatteetaten)
- Styremedlem *
- Styret sin leiar
* Desse eksterne rollene er ikkje førehandstildelt nokon av rollene Tilgangsstyring eller Klientadministrator, som krevs for å kunna delegere vidare
Dei fleste skjema har ein enkeltteneste med same namn som skjemaet. Ein enkeltteneste gjer kun tilgang til eit spesifikt skjema.
Du kan også bli tildelt ei rolla, som inneheld mange enkelttenestar. På skjemasiden under "Om denne tenesta" kan du finne ut kva for ei rolla som kreves for dette skjemaet. (Ver oppmerksom på at ei rolla gjer tilgong til svært mange skjema.)
I nokre tilfelle er tilgangen til tenesta gitt direkte til dei som har bestemte roller for verksemda i Einingsregisteret. Kva roller dette gjeld går fram av informasjonssida om skjemaet. Roller frå Einingsregisteret kan ikkje delegerast i Altinn, men kan endrast via Samordna registermelding.
Det kan vera tre årsakar til at du ikkje finn et skjema i sletta:
- Det er meir enn 2 år sidan skjemaet vart sletta, noko som gjer at det slettast automatisk av Altinn.
- Nokon har valt å permanent slette skjemaet.
- Skjema hadde status til utfylling før det vart sletta.
Viss du ønskjer varsling berre på spesifikke teneste kan du velje Din kontaktinformasjonen for verksemda → Varslinginnstillingar → Varsling berre for enkelttenester og velje ut frå lista kva du ønskjer varsling på.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Rekneskapsførar
Opn meldinga og trykk på Angre sletting.
Når du har signert og sendt inn eit skjema, får du ei kvittering. Kvitteringen ligg under innboks → arkiv. Kvitteringen inneheld ein referansenummer (startar med AR..) og ein utskriftversjon av innsendt tjeneste.
Når skjemaet er sendt inn, sendast det til etaten som skal behandle skjemaet.
Kvitteringen ligg under innboks → arkiv.
For å fjerne ein eller fleire rettar på ein person eller verksemd må du velje aktøren du ønskjer å fjerne og klikk på Fjern ein eller fleire rettar. Her kan du velje mellom å Fjern alle roller eller du kan velje å berre fjerne enkeltroller
Meldingar i sletta kan man velgja å slette permanent. For verksemdar må ein ha rolla Tilgangsstyring. Når eit skjema eller ei melding er permanent sletta vil det ikkje vera mogleg å angre sletting.
Engangskodebrevet frå Altinn inneheld 30 kodar, dei kan vere oppbrukte og du må bestilla nytt kodebrev. Inneheld brevet 20 kodar må du nytta innloggingsvalet MinID til ID-porten.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i administrativ eining i offentleg sektor (ADOS)
- Kontaktperson NUF
- Norsk representant for utanlandsk eining
- Styret sin leiar
I enkelte skjema er det mogleg å tildela ein signeringsrett ved å angje kven som skal signera direkte i skjemaet før innsending. Signeringsretten kan anten tildelast eit fødselsnummer eller eit organisasjonsnummer (verksemd).
Rollen parallell signering vert berre brukt dersom signeringsretten vert tildelt eit organisasjonsnummeer. Då er det dei eksterne rollene som ment ovanfor som kan signera, på grunn av at dei har forhåndstildelt rollen parallell signering. Rollen kan verta vidare delegert til andre i verksemda.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leder
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Forretningsfører
- Innehaver
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i administrativ eining i offentleg sektor (ADOS)
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Kontaktperson (øvrige einingar bl.a organisasjonsledd) *
- Nestleiar i styret *
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styret sin leiar
* Desse eksterne rollene er ikkje forhåndstildelt nokon av rollane Tilgangsstyring eller Klientadministrator, som vert kravt for å kunna delegera vidare
Din kontaktinformasjon i Altinn blir brukt for å sende deg varsel om skjema og tenester.
Denne kontaktinformasjonen blir brukt blant anna når etatane/kommunane ønskjer å varsle deg om ulike hendingar, foreksempel viss du har motteke eit brev i Altinn. Det er avsendar av meldinga som vel om det skal sendas ut varsel.
Du kan sjå om det er sendt ut varsel på sms/e-post ved å trykkja på meldinga du har i innboksen din og så trykkjer du på Aktivitetslogg.
Informasjonen som ligg under Din Kontaktinformasjon hentast frå kontakt- og reservasjonsregisteret. Du kan endre opplysningane dine her.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Forretningsførar
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Kontaktperson i administrativ eining i offentleg sektor
- Kontaktperson NUF
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styret sin leiar
Rollen gjev tilgjenge til:
- Delegering av roller og rettar du sjølv har videre
- Registrering av datasystem
- Sletting av roller delegert på vegne av enheten
Aktivitetsloggen finn du under Profil → Andre med rettar til skjema og tenester eller Andre med rettar til verksemda.
Merk at du må ha rollen Tilgangsstyring for å få tilgang til å sjå aktivitetsloggen.
Du kan sjå når og av kven ei rolle vart gitt via spørsmålsteiknet, til høgre for tildelt rolle. Gjelder det Skjema og tenester du har rett til er ikkje rollen Tilgangsstyring påkravd.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Privatpersonar
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styret sin leiar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Bustyrar
Trinn 1: Installer verksemdssertifikatet på datamaskina di
Korleis dette blir gjort, kan leverandør av sertifikatet vera behjelpeleg med (Commfides eller Buypass).
Trinn 2: Opprett ein verksemdsbrukar på Altinn.no
For å registrera ein verksemdsbrukar må du først lasta opp eit sertifikat. Du treng då ein cer-fil. Har du ikkje fått ho frå sertifikatleverandøren din kan du laga den sjølv, dersom sertifitkatet er installert på maskina. Sjå instruksjon for dette lengre ned.
For å kunna registrera og administrera sertifikat og brukarar må ein ha rolla Tilgangsstyring på verksemda. Administreringen blir gjort på Profil → Avanserte innstillingar → Registrer ny brukar med verksemdssertifikat.
For å oppretta brukar: trykk på Last opp sertifikat → vel cer-fila → trykk Neste. Deretter må du oppretta ein verksemdsbrukar ved å skriva inn ønskt brukarnamn og passord og trykk Lagre.
Slik lagar du ein cer-fil i Windows:
Trykk på startknappen → søk på: sertifikat → vel Administrer brukarsertifikat → vel Personleg → Sertifikater → høgreklikk på sertifikatet → trykk på Alle oppgåver → Eksporter → deretter bruker du standardvala i vegvisaren (neste) til du kjem til filnamn, vel eit namn på fila og lager ho ein stad der du finn han igjen.
Trinn 3: Verksemdsbrukar får delegert roller
Når verksemdsbrukaren er oppretta, kan dagleg leiar/styreleiar eller annan person med delegeringsrett for verksemda, delegera roller og rettar til verksemdsbrukaren(e).
Roller blir delegerte til brukarnamn frå menyen Profil → Andre med rettar til verksemda.
- Feil skjemaversjon.
- Ta kontakt med datasystemleverandør.
Klientdelegering er ein funksjonalitet som gir rekneskapsførar/revisor/bustyrar høvet til å delegere roller og rettar frå klientane til dei tilsette i serviceeininga/bustyrer ein represenrerer.
For å kunne utføre kliendelegering for serviceeininga/bustyrer må ein ha rollen Klientadministrator (rekneskapsfører/revisor) eller Konkursbo tilgangstyring (bustyrer)
Det er mogleg å utføre kliendelegering enkeltvis eller klientdelegering på fil. Klientdelegering enkeltvis vert brukt når du ønskjerå delegere til enkeltpersonar, medan klientrelegering på fil vert brukt når ein ønskjer å delegere mange rettar samstundes til ein eller fleire tilsette.
For å kunne registrere datasystem på ei verksemd må du ha rollen Tilgangsstyring. Du kan registrere datasystem under Avanserte innstillingar→ Registrer datasystem. Pass på at du er inne på riktig aktør/profil
Når du har fylt ut opåkravde felt vil det dukke opp eit ID-nummeret i lista under. ID-nummeret og passordet du har laga skal leggjast inn i datasystemet du bruker. Er du usikker på der dette skal leggjast inn må du kontakte datasystemleverandøren din.
I forbindelse med innlogging i ID-porten, kan tenester/klientar be om mogligheit til å hente innbyggers data tilbudt av en tredjepart, gjennom et API (hentar ut data som integreras mot data frå et anna system). For eksempel kan man gi samtykke til at banken henter dine opplysninger frå Lånekassen slik at du kan sjå det i nettbanken din.
Frå 23. november 2023 vert knappen "Gå videre til fleire innloggingsmetodar" erstatta med knappen "Logg inn utan fødselsnummer/D-nummer."
Innlogging med Altinn kodebrev, SMS-kode eller berre passord, samt verksemdssertifikat, vil etter kvart bli fasa ut. Vi anbefalar at du brukar MinID eller ein annan innloggingsmetode via ID-porten.
Dersom du ikkje har moglegheit til dette, kan du framleis finne innloggingsalternativ med Altinn kodebrev, SMS-kode eller passord her og Verksemdsertifikat her inntil vidare.
Denne endringa i innlogging gjeld berre for altinn.no og påverkar ikkje maskin-til-maskin-kommunikasjon (rekneskap- og lønssystem). Det vil framleis vere mogleg å autentisere seg med verksemdssertifikat i desse systema. Det vil også vere mogleg å logge inn på rekneskap- og lønssystem med Altinn kodebrev og SMS-kode fram til dei gradvis vert fasa ut.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Forretningsførar
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Kontaktperson (øvrige einingar bl. a organisasjonsledd) *
- Norsk representant for utanlandsk eining
- Sameigarar (registrerte hos Skatteetaten)
- Styret sin leiar
* Desse eksterne rollene er ikkje forhåndstildelt nokon av rollane Tilgangsstyring eller Klientadministrator, som vert kravt for å kunna delegera vidare
Under Skjema og tenester du har rett til får du oversyn over roller og rettar du har for den aktøren/profilen du representerer. Til høgre for kvar rolle finn du eit spørsmålteikn, trykk på denne og du vil sjå kva for tilganger rollen gir deg.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Privatpersonar
Delegering av denne rollen gir berre tilgjenge til utfylling. Rett til å signera kan ikkje delegerast.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Norsk representant for utenlandsk eining
Kva er felles varslingsadresser for verksemda?
Varslingsadresser er e-postadresse og/eller mobiltelefonnummer.
Varslingsadressene vert nytta av det offentlege for å varsle verksemda om viktige meldingar som vert leverte i Altinn. Det betyr at når verksemda har oppgitt ei eller fleire varslingsadresser, slepp verksemda å få meldingane i papirpost.
Alle verksemder i Einingsregisteret har plikt til å melde minst ei varslingsadresse, jf. forskrift til enhetsregisterloven § 8a. Plikta omfattar ikkje undereiningar, men eigne varslingsadresser kan meldast for desse viss verksemda har behov for det.
Varslingsadressene er berre tilgjengeleg for offentlege myndigheiter. Verksemdene har framleis høve til å frivillig registrere e-postadresse og mobiltelefonnummer som skal vere offentleg tilgjengeleg i Einingsregisteret. Desse vil ikkje bli brukt som varslingsadresser.
Korleis melder eg varslingsadresse?
Alle verksemder som skal registrerast i Einingsregisteret må melde varslingsadresse samstundes. Dette gjeld ikkje ved registrering av undereiningar.
For eksisterande verksemder må varslingsadresse meldast eller endrast ved å gå inn på verksemda si profil i Altinn. Dette føreset at du har rett til å representere verksemda i Altinn.
Hvem kan melde varslingsadresser for virksomheten?
Følgjande roller i Einingsregisteret kan oppdatere varslingsadresser for verksemda: Dagleg leiar, styreleiar, nestleiar, styremedlem, innehavar, bubestyrar, bestyrende reiar, norsk representant for utanlandske selskap, forretningsførar eller kontaktperson.
Personar med altinnrolla Hovudadministrator eller Signerar av Samordna registermelding, kan også oppdatere varslingsadresser for verksemda.
Kva er føremålet med varslingsadresser?
Føremålet med varslingsadresser er å sikre at alle verksemder skal kunne kommunisere digitalt med det offentlege. For at verksemder skal kunne motta enkeltvedtak og andre viktige meldingar digitalt, er det offentlege pålagt å varsle om at slike meldingar er sende. Til dette må det offentlege ha tilgang på varslingsadresser. Dei skal nyttast til varsling etter eForvaltningsforskriften § 8 tredje ledd, i samband med sakshandsaming og utføring av forvaltingsoppgåver elles.
Eit forvaltningsorgan som har sendt varsel til ei innmeldt varslingsadresse, har oppfylt varslingsplikta si etter eForvaltningsforskriften § 8 tredje ledd.
Du kan lese meir om digital varslingsadresse i høyringssaka på regjeringen.no.
Innloggingsinformasjon som har kome på avveg kan gjere det mogleg for uvedkomande å logge seg inn med brukaren din på Altinn. For å unngå dette kan du deaktivere kodebrev frå Altinn og eventuelt passord.
Innloggingsmetodane frå ID-porten (MinID, BankID osb.) vert ikkje rørt av dette, men kan sperrast via sperretenesta hos ID-porten.
Vel Logg inn → Gå vidare til fleire innloggingsmetoder og du kan velje Deaktiver engangskode/passord.
- Ved å deaktivere eingongskodar (Altinn kodebrev) vil ikkje kodebrevet fungere ved innlogging, og du må bestille nytt kodebrev for å kunne nytte denne innloggingsmetoden.
- Ved å deaktivere passord (SMS-kode og/eller Berre Passord) kan du ikkje nytte passord ved innlogging. Ved å logge inn med ein annan innloggingsmetode kan du opprette nytt passord under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.
Ønskjer du å søke på skjema eller tenester for alle aktørane dine samstundes, så kan dette gjerast ved å klikke på kven du representerer oppe til høgre og Vis alle aktørar. TIl høgre på sida vil du kunne klikke på Søk for fleire aktørar.
Her vil du få muligheten til å søke på tvers av alle dei du kan representere. Du vil òg kunne lagre søka dine slik at du slepp å leggje inn søkeinformasjonen kvar gong du ønskjer å gjere eit spesifikt søk.
Sjekk at du har valt riktig aktør, dette ser du oppe til høgre. I den blå sirkelen er det ein person hvis du har valt deg sjølv og ein bygning hvis du har valt verksemda. Undereiningar og sletta einingar finn du ved å trykke på Vis alle aktørar. Sjekk innboks, arkiv og sletta.
For å representere ei sletta eining i Altinn må du klikke på Sjå sletta einingar. Under lista med kven du kan representere. Du vil då kunne representere dei einingane du hadde rollar på ved slettetidspunktet.
Lag ny kopi gjer det mogleg å endre på eit innsendt skjema. Lag ny kopi finn du på det aktuelle skjemaet som ligg under arkiv i innboks.
Merk: Ikkje alle skjema har valet Lag ny kopi.
For å nytte dette innloggingsvalet må du registrere passord under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon . Denne innloggingsmetoden gir berre tilgang til nokre få tenester i Altinn.
Logg inn ved hjelp av ein annan innloggingsmetode og oppdater passordet ditt under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.
Burolledelegering samla er ein funksjon som lèt bustyrar delegere eller slette mange buroller til medarbeidarar og kreditorar samtidig.
Funksjonen Burolledelegering samla finn du under menyen Profil, roller og rettar > Burolledelegering når du representerer bustyrar.
Vi tilrår å laste ned fil med eksisterande rolledelegeringar, via knappen Last ned. Denne fila kan du bruke som utgangspunkt for vidare delegering eller eventuell sletting.
Du finn meir informasjon om korleis delegeringsfilen skal sjå ut under Profil → Burolledelegering
- Tenesta finst ikkje (ugyldig kombinasjon av tenestekode og tenesteutgåvekode)
- Ta kontakt med datasystemleverandør.
Du treng rolla Programmeringsgrensesnitt (API).
Sjå her for meir informasjon: For tilgangsstyrer :: Altinn digitalisering - Utvikling
Det er tre måtar å lagre skjema på:
- Byta mellom sidane i skjemaet (førre/neste)
- Trykke på nokon av funksjonane i skjemaet. Når ein gjer det slik, mellomlagres det man har registrert.
- Vel til innboks
Skal ein skrive mye (dvs. lenge - meir enn ca 20 min) i eit felt, bør det skrivast på førehand og limast inn i feltet, eller leggjast til som vedlegg.
Når du vel Vidare til innsending kjem du til neste steg i prosessen. Øvst på siden ser du kva for eit steg du er i. Nedst på siden har du valet Tilbake til utfylling på venstre side og Signer og send inn på høgre side.
Dersom du skulle oppdaga feil i utfyllingen, kan du i dette steget sende skjemaet tilbake til utfylling.
Du signerar og sendar inn skjemaet ved å klikke på knappen Signer og send inn / Send inn.
Du loggar inn i Altinn via ID-porten.
ID-porten er ei felles innloggingsløysing for mange offentlege tenester og består av mange ulike innloggingsmetoder som MinID, BankID på mobil, BankID, Buypass eller Commfides.
ID-porten blir drifta av Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Hjelp til innlogging via ID-porten.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne roller:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Forretningsførar
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i kommune/fylkeskommune
- Kontaktperson i administrativ eining i offentleg sektor (ADOS)
- Kontaktperson (øvrige einingar bl.a. organisasjonsledd) *
- Nestleiar i styret*
- Norsk representant for utanlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styremedlem *
- Styret sin leiar
* Desse eksterne rollene er ikkje førehandstildelte nokon av rollene Tilgangsstyring eller Klientadministrator, som vert kravt for å kunne delegere vidare
Din kontaktinformasjon for verksemda gjer deg varsel på dei skjema og tenester du har rett til å sjå, på vegne av verksemda. Viss du har registrert kontaktinformasjonen din her, vert du berre varsla om sendingar som du har rollar/rettar til å sjå i Altinn på den aktuelle verksemda.
Det er avsendar av meldinga som vel om det skal sendast ut varsel. Du kan sjå om det er sendt ut varsel på sms/e-post ved å trykkja på meldinga du har i innboksen din og så trykkjer du på Aktivitetslogg.
Her ser du korleis du kan få varsling berre på spesifikke tenester.
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Forretningsførar
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Kontaktperson i kommune
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Sameigarar (registrert hos Skatteetaten)
- Styret sin leiar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Styret sin leiar
Rolla er på førehand tildelt til følgjande eksterne rollar:
- Styrande reiar
- Bustyrar
- Daglig leiar
- Deltakar ANS/DA (berre fødselsnummer)
- Innehavar
- Komplementar (berre fødselsnummer)
- Norsk representant for utenlandsk eining
- Privatpersonar
- Styret sin leiar
- Brukaren eller systemet har ikkje rett til å levere på vegne av gitt avgiver.
- Sjekk at det er lagt inn riktig fødselsnummer/organisasjonsnummer i datasystemet.
- Sjekk at du og ev. verksemda har rolle til å utføre sending/henting på tenesta du forsøker å bruke. Dette ser du under Profil → Skjema og tenester du har rett til og ev. Andre med rettar til verksemda.
- Sjekk at du brukar riktig datasystem ID