Det er to måtar å oppdatera sertifikatet på brukaren:

Alternativ 1 (kan berre gjerast før det gamle sertifikatet går ut):
- Logg inn med verksemdsbrukaren her:
https://www.altinn.no/ui/authentication/enterpriseidentified
- Gå til Profil -> Innloggingsinformasjon
- Vel "Legg til sertifikat" og last opp cer-filen. Sjå instruksjon for å laga fila lengre ned.

Alternativ 2:
- Logg inn med fødelsnummer som har rolla Tilgangsstyring.
- Representer firmaet.
- Gå til Profil -> Avanserte innstillingar -> Registrer ny brukar med verksemdssertifikat.
- Vel "Rediger brukar og sertifikat" til høgre for brukarnamnet. Slett det gamle sertifikatet (ikkje slett brukaren).
- Legg til det nye sertifikatet ved å lasta opp .cer-filen.
- Det kjem inga stadfesting, men inga feilmelding = OK.

Slik lagar du ein cer-fil i Windows: Trykk på startknappen → søk på: sertifikat → vel Administrer brukarsertifikat → vel Personleg → Sertifikater → høgreklikk på sertifikatet → trykk på Alle oppgåver → Eksporter → deretter bruker du standardvala i vegvisaren (neste) til du kjem til filnamn, vel eit namn på fila og lager ho ein stad der du finn han igjen.


Åpne kontaktskjema