Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Søkja opp meldingar for fleire aktørar samstundes?

Ønskjer du å søkja opp meldingar for fleire aktørar samtidig, klikkar du på den blå sirkelen oppe i høgre hjørne, og Vis alle aktørar. 

Ute på høgre side kan du velja Søk på fleire aktørar.

Her vil du få høve til å søkja på tvers av alle aktørar du kan representera. 

Du kan avgrensa treffa på om du søkjer i innboks, arkiv eller sletta. Du kan også avgrensa søket på spesifikke statusar, eller for ein gitt periode.  (Dersom du søkjer etter meldingar med status Ulest, og nokre andre i organisasjonen har opna meldinga, vil du ikkje få treff) 

Dersom du trykkjer på aktør, kan du velja om du vil søkja blant ein eller fleire aktørar du har tilgang til, inkludert undereiningane du har tilgang til.

Etter du har gjort eit søk vil du også kunna lagra søka dine slik at du slepp å leggja inn søkjeinformasjonen kvar gong du ønskjer å gjera eit spesifikt søk.