Verkemidlar og tilskot frå Vestfold fylkeskommune

Fylkeskommunen forvaltar ulike finansieringsordningar i arbeidet med næringsutvikling. Målgruppa for den enkelte tilskotsordninga kan vere noko ulik.


Nokre av ordningane det kan bli søkt tilskot og stønad frå:

FORREGION Vestfold

Ønsker verksemda di å sette i gong eit forskings- eller utviklingsprosjekt? FORREGION Vestfold stiller med kompetansemeglarar for å hjelpe bedrifter med å sette fart på idear til nye produkt og løysingar.

Regionale forskingsfond (RFF)

Regionalt forskingsfond Vestfold og Telemark har som formål å styrke FoU-innsatsen hos bedrifter, kommunar og FoU-miljøa i regionen. RFF skal finansiere prosjekt som bidrar til høg grad av ny kunnskapsutvikling og høg grad av utvikling innan bedrifter og offentleg sektor i regionen.

Vestfold fylkeskommune om tilskotsordningar

Åpne kontaktskjema