Verkemidlar og tilskot frå Troms fylkeskommune

Fylkeskommunen forvaltar ulike finansieringsordningar i arbeidet med næringsutvikling. Målgruppa for den enkelte tilskotsordning kan vere noko ulik.


Nokre av ordningane det kan søkast tilskot og stønad frå:

Arktis 2030

Dette er ei tilskotsordning som støttar opp om regjeringa sin nordområdepolitikk i Nordland, Troms og Finnmark. Tilskot kan bli gitt til samarbeidsprosjekt som har nedslagsfelt i heile Nord-Noreg. Prosjekta skal vere i tråd med planar og strategiar i Nordland, Troms og Finnmark fylkeskommunar. Troms forvaltar tilskotsordninga i nært samarbeid med Nordland og Finnmark.

Tilskot til daglegvarebutikkar i Troms

Dette er ei tilskotsordning for butikkar i utkantstrøk i Troms. Tilskotsordninga er eit samarbeid mellom kommunane i Troms og Troms fylkeskommune. Butikkane søker tilskot gjennom kommunen sin.

FORREGION Troms

Hensikta med stønad til forprosjekt i bedrift er å gjere fleire bedrifter i Troms kjent med å bruke forsking. FORREGION støttar prosjektidear som har som mål å utvikle innovative løysingar som kan bidra til blant anna digitalisering, berekraftig verdiskaping, teknologi eller grøn omstilling i Troms.

Berekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord

Tilskotsordninga skal styrke matprodusentmiljø i Nordland, Troms og Finnmark. Tilskot kan bli gitt til prosjekt som motverkar bruksnedgang, aukar arealbruken og hever kompetansen til landbruksnæringa og verdikjeda for mat, og utnyttar regionale fortrinn og moglegheiter innan arktisk landbruk. Prosjekta skal ha nedslagsfelt i heile regionen.

Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket

Tilskotsordninga støttar regionale tilretteleggingstiltak innan landbruksbasert næringsutvikling i Troms.

Troms fylkeskommune om tilskotsordningar

Åpne kontaktskjema