Verkemidlar og tilskot frå Østfold fylkeskommune
Nokre av ordningane det kan søkast tilskot og stønad frå :
Tilskot til bedriftsintern opplæring (BIO)
Tilskot til bedrifter som treng å styrke eller omstille kompetansen hos dei tilsette. Ordninga skal bidra til å sikre arbeidsplassar og auke konkurransekrafta i regionen. Bedrifta kan søke stønad til målretta kurs og opplæringstiltak som er nødvendige ved omstilling, innføring av ny teknologi eller endra marknadsforhold.
Tilskot til forsking i bedrifter (FORREGION)
Bedrifter med liten eller inga erfaring med forsking og utvikling (FoU) kan søke om stønad til mindre FoU-prosjekt på forprosjekt-stadiet. Målet med forprosjekt i FORREGION er å gjere søkarbedrifta vant med forsking som eit innovasjonsgrep og å utløyse vidare forsking. Søkarbedrifta skal derfor samarbeide med ein forskar. Søknadar kan sendast inn heile året.
Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket
Det kan søkast om midlar til utvikling og fornying av det tradisjonelle landbruket og andre landbruksbaserte næringar. Du kan søke om tilskot til tilretteleggingstiltak som bidrar til
- utvikling og fornying av det tradisjonelle landbruket
- utvikling av andre landbruksbaserte næringar gjennom utviklings- og mobiliseringstiltak
Formålet med stønadsordninga er å legge til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket.
Tilskot til bedriftssamarbeid som fremmer sirkulær og digital omstilling
Tilskot til samarbeid mellom fleire bedrifter som ønsker å gjennomføre utviklingsprosjekt for å møte framtidige utfordringar. Ordninga skal støtte prosjekt som bidrar ril sirkulærøkonomi, berekraft og digital omstilling, og som gir større verdiskaping og auka konkurransekraft i næringslivet.
Tilskot til mobilisering til utdanning og kompetanseheving
Ordninga skal auke tilgangen på kompetent arbeidskraft i distrikta ved å støtte prosjekt som mobiliserer til utdanning og kompetanseutvikling. Private og offentlege verksemder, stiftelsar og organisasjonar registrerte med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera kan søke. Søknad skal sendast på regionalforvaltning.no og skal innehalde prosjektutgreiing, budsjett og finansieringsplan. Tiltak retta mot ei enkelt bedrift, fysiske bygg og finansielle disposisjonar (som lån/garantiar) får ikkje stønad.