Verkemidlar og tilskot frå Innlandet fylkeskommune
Nokre av ordningane det kan søkast tilskot og stønad frå:
Bedriftsintern opplæring (BIO)
Dette er ei stønadsordning for bedrifter med omstillingsbehov og moglegheit for vidareutvikling gjennom kompetansetiltak for dei tilsette.
Grøn framtid Innlandet
Ei tilskotsordning som gir midlar til næringslivet for ideutvikling og prosjekt som gir positiv effekt for klima og miljø. Formålet med Grøn framtid Innlandet er både å fremme verdiskaping som gir positiv effekt på klima og/eller miljø, og bidra til ei positiv utvikling i arbeidsmarknaden i Innlandet.
Interreg Sverige – Noreg
Interreg Sverige – Noreg gir stønad til grensekryssande samarbeid mellom aktørar i Innlandet og Sverige. Bedrifter kan delta i prosjekt som fremmer grøn omstilling, innovasjon og kompetanseutvikling på tvers av landegrensen. Ordninga er ein del av EU sitt program for regional utvikling og gir moglegheit for nettverksbygging og finansiering av utviklingsprosjekt med svensk partnar.
Næringsutvikling i Innlandet
Dette er ei ordning for søknadar som kan vere relevante, men som fell utanfor fylkeskommunen sine ordinære stønadsordningar. Søknadane blir vurderte opp mot vedtatte planar og strategiar for Innlandet. Denne kan ikkje bli søkt på av enkeltbedrifter, men bedriftsnettverk og liknande samarbeidande aktørar. Det er kontinuerleg opptak.
Tilskot til forprosjekt i FORREGION
Dette er eit tilskot til forprosjekt som skal forberede bedrifter på å gjennomføre forskingsbasert innovasjon. Målet er å gjere det enklare for små og mellomstore bedrifter å kome i gang med forskingssamarbeid. Tilskotet kan dekke kostnadar i innleiande undersøkingar, nettverksbygging og samarbeid med forskingsmiljø. Ordninga er ein del av det nasjonale FORREGION-programmet.