Verkemidlar og tilskot frå Akershus fylkeskommune
Nokre av ordningane det kan bli søkt om tilskot og stønad frå:
Bedriftsintern opplærings-tilskot (BIO)
Tilskotet skal bidra ti å gi bedrifter kompetansen dei treng for å gjennomføre omstilling og innovasjon som skal bidra til å fremme bedrifta si konkurransekraft. Alle små og mellomstore bedrifter, med inntil 250 tilsette, og som har behov for eit kompetanseløft for eigne tilsette for å gjennomføre omstilling eller innovasjon i bedrifta, kan søke.
Tilskot til forsking og innovasjon i bedrift
Formålet med ordninga er å stimulere til at bedrifter gjennom forsking og innovasjon aukar verdiskapingspotensialet sitt og konkurransekrafta si. Det blir gitt stønad til forskings- og innovasjonsprosjekt. Tilskotet kan dekke inntil 50 prosent av godkjente totale prosjektkostnadar.
Tilskot til innovasjonsprogram
Det blir gitt tilskot til samarbeidsprosjekt som skal bidra til auka innovasjon, verdiskaping og internasjonal konkurransekraft i Akershus. Tilskotet blir gitt blant anna til inkubatorar, næringsforeiningar, bedriftsnettverk og innovasjonsselskap. Det blir ikkje gitt stønad til enkeltbedrifter.