Fylkeskommunen forvaltar ulike finansieringsordningar i arbeidet med næringsutvikling. Målgruppa for den enkelte tilskotsordninga kan vere noko ulik.
Nokre av ordningane det kan søkast tilskot og stønad frå:
FORREGION skal bidra til auka innovasjon og verdiskaping i næringslivet. Ordninga mobiliserer fleire bedrifter til å bruke forsking som verkemiddel for innovasjon og gjer det enklare å utvikle nye produkt, prosessar og tenester. Bedrifter kan søke om stønad til forprosjekt eller til samarbeid med forskingsmiljø.
Merkur er ei ordning for å styrke daglegvarebutikkar i distrikta. Butikkar kan få stønad til kompetanseutvikling, investeringar og rådgiving, slik at dei blir meir robuste og kan tilby gode tenester lokalt.
Telemark utviklingsfond kan gi stønad til både private og offentlege prosjekt og tiltak. Fondet skal primært støtte prosjekt og tiltak som bidrar til positiv befolknings- og næringsutvikling, i tillegg til å bidra til positiv profilering av Telemark.
Telemark fylkeskommune om tilskotsordningar