Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Verkemiddel og tilskot frå Trøndelag fylkeskommune

Fylkeskommunen forvaltar ulike finansieringsordningar i arbeidet med næringsutvikling. Målgruppa for den enkelte tilskotsordninga kan vere noko ulik.

Nokre av ordningane det kan søkast tilskot og stønad til:

Regionale utviklingsmidlar

Fylkeskommunen sine regionale utviklingsmidlar skal gå til prosjekt som samsvarer med prioriterte mål og Verdiskapingsstrategien, regional strategi for verdiskaping i Trøndelag 2022-2025 – med tilhøyrande handlingsplan for 2024-2025. Hovudmålet for Verdiskapingsstrategien er auka berekraftig verdiskaping og internasjonal konkurranseevne i Trøndelag. Målgruppa er nærings- og bransjeorganisasjonar, kommunar, offentlege og private utviklingsaktørar. Stønadsordninga gjeld ikkje for etablering og utvikling av enkeltbedrifter. Bedrifter blir viste til Innovasjon Noreg for vurdering av deira finansieringsordningar.

Regionale tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving (RT)

RT-midlane skal brukast til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving innanfor tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar. Tilskotet kan bli gitt til organisasjonar, kommunar og forskings- og utviklingsinstitusjonar.

Kystskogmidlar

Formålet med kystskogmidlane er å bidra til å løyse kystskogbruket sine særskilde utfordringar, og vidareutvikle eit næringsretta skogbruk i kystfylka frå Agder til og med Finnmark, mellom anna gjennom infrastrukturtiltak og kompetanse. Prosjekta skal vere fylkesovergripande fellestiltak, og som hovudregel involvere minimum tre av kystfylka. Nærings- og bransjeorganisasjonar, kommunar og offentlege og private utviklingsaktørar kan søke.

Interreg

Interreg gir økonomisk stønad til regionale utviklingsprosjekt på tvers av regionar og landegrenser. Sentralt står samarbeid som kan betre føresetnadene for næringsutvikling, verdiskaping og sysselsetting. Interreg er delt inn i fleire ulike program, som rettar seg mot ulike geografiske område og tema.

Forskingsmidlar

Ordninga Regionalt forskingsfond Trøndelag og DistriktForsk gjer det mogleg for bedrifter og kommunar å søke stønad til forskingsprosjekt. Ordningane skal mobilisere og kvalifisere næringsliv og kommunal sektor til vidare forskingsaktivitet i regionale, nasjonale og internasjonale forskingsprogram. Gjennom ordninga SkatteFUNN kan bedrifter som investerer i forskings- og utviklingsaktivitet få inntil 20 prosent av prosjektkostnadene som skattefrådrag på skatteoppgjeret.

BIO Trøndelag

Bedriftsintern opplæring (BIO) Trøndelag er ei stønadsordning for små og store bedrifter med omstillingsbehov og moglegheit for vidareutvikling gjennom kompetansetiltak for dei tilsette.

Trønderkassa, ungdomsfond for Trøndelag

Målet med ordninga er at ungdommar skal kunne realisere sine eigne prosjektidear og gjennom dette lære og trene på utvikling, planlegging og gjennomføring og utvikle entreprenørielle evner. Det kan søkast stønad på inntil 30 000 kroner pr. prosjekt.

Tilskotsordningar for integreringstiltak

Formålet med tilskotsordningane er å legge til rette for at innvandrarar kan etablere verksemder og at fagutdanna og høgt kvalifiserte innvandrarar blir inkluderte i arbeidslivet.