Har bedrifta di konkrete planar om å vekse utanfor Noreg, men manglar sikkerheit for å kunne oppnå fullgod bankfinansiering? Vekstlån gir bedrifter auka arbeidskapital for å akselerere veksten på internasjonale marknadar.
Vekstlån inngår i Innovasjon Noreg sin avtale med Det europeiske investeringsfondet (EIF). Samarbeidet gjer at Innovasjon Noreg kan låne ut meir og på betre vilkår til bedrifter som tilfredsstiller EIF-garanti.
Eksportbedrifter som har noko omsetning og erfaring frå internasjonale marknadar, og som har eit uforløyst potensial for vidare vekst. Bedrifta må i hovudtrekk ha følgande kjenneteikn:
- kan vise til marknadsaksept
- solid eigarskap og leiing
- manglande fullfinansiering