Vekstfinansiering 2

Er du tilbydar av lokalmat- og drikke, matopplevingar med lokal identitet, reiselivsopplevingar eller Inn på Tunet? Driv du med innlandsfiske eller innan reinnæringa? Innovasjon Noreg tilbyr finansiering for vekst til mindre bedrifter innanfor andre landbruksbaserte næringar.


Kven kan få finansiering?

Bedrifta må bruke landbruket sine ressursar og gjennom verksemda si skape ein betydeleg meirverdi for primærprodusenten.

  • Bedrifta må ha som målsetting å auke omsetninga med minst 50 % over ein treårsperiode.
  • For bedriftene som har fullført Vekstfinansiering 1, blir det forventa at dei både har hatt ei god måloppnåing i første vekstprosjekt og har hatt ei sunn økonomisk utvikling mellom avsluttinga og søknadstidspunktet for Vekstfinansiering 2.
  • Omsetninga må utgjere minimum 5 millionar kroner siste rekneskapsår eller 12 månaders periode.
  • BBedrifter kan søke om Vekstfinansiering 2, sjølv om dei ikkje har fått Vekstfinansiering 1. Du kan ikkje søke om Vekstfinansiering 1 i etterkant av Vekstfinansiering 2.
  • Bedrifter som driv innanfor verkeområdet lokalmat og -drikke og som får stønad gjennom Utviklingsprogrammet skal registrerast i databasen lokalmat.no.

Innovasjon Noreg om vekstfinansiering 2

Åpne kontaktskjema