Utviklingstilskot for Finnmark

Har du eit prosjekt som kan bidra til lokal og regional næringsutvikling i Aust-Finnmark, eller i kommunane Hasvik, Måsøy, Loppa og Nordkapp? Vi kan tilby finansiering og rådgiving.


Kven kan søke?

Ordninga gjeld primært små og mellomstore bedrifter. Det kan bli gitt finansiering til store bedrifter med prosjekt som er spesielt viktige for lokal og regional nærings- og samfunnsutvikling.  

Prosjektet og aktivitetane må bli gjennomført i Aust-Finnmark, eller i ein av dei fire kommunane Hasvik, Måsøy, Loppa og Nordkapp. Effektane av prosjektet skal kome næringslivet i denne regionen til gode. Prosjekta skal bidra til:  

  • auka verdiskaping
  • sysselsetting
  • omstilling
  • lokal og regional næringsutvikling

Kva kan det brukast til?

Utviklingstilskot for Aust-Finnmark skal bidra til lokal og regional næringsutvikling, og Innovasjon Norge vil i vurderinga si legge vekt på prosjekta si betydning for lokalsamfunna. Tenesta er etablert blant anna som følge av sanksjonane mot Russland.   

Prosjekta som blir støtta av oss skal bidra til auka næringsaktivitet og verdiskaping i kommunane Sør-Varanger, Vardø, Vadsø, Lebesby, Gamvik, Berlevåg, Tana, Nesseby, Båtsfjord, Hasvik, Måsøy, Loppa og Nordkapp.  

Innovasjon Norge om utviklingstilskot for Finnmark

 

Åpne kontaktskjema