Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordninger
  4. Tilskot til forstudie for investeringar innan tradisjonelt landbruk

Tilskot til forstudie for investeringar innan tradisjonelt landbruk

Eit forstudium for bruk med storfehald som står framfor større vegval om investeringar for å oppfylle lausdriftskravet.

For kven?

Bruk med storfehald som står framfor større vegval om investeringar for å oppfylle lausdriftskravet.

Kva kan dette brukast til?

  • Ekstern bistand for å avklare brukarfamilien sitt ønske for framtida, framtidsplanar, forretningsidé/driftsopplegg, ressursar i form av personlege ressursar, areal- og kvoteressursar, økonomiske ressursar og materielle ressursar brukarfamilien og bruket rår over (vegval).
  • Ekstern bistand til å kartlegge investeringsomfanget bruket kan makte for å sikre økonomisk berekraft for ulike driftsalternativ, irekna utarbeiding av økonomiske kalkylar.
  • Ekstern bistand til å kartlegge i kva grad eksisterande bygningsmasse kan bli brukt, medrekna som grunnlag for evt. stegvis utvikling og utbygging.
  • I tilfelle dei to første kulepunkta er dekka og (del)finansierte av særskilte regionale prosjekt, kan søknaden avgrensast til ekstern bistand til å kartlegge i kva grad eksisterande bygningsmasse kan bli brukt, her under som grunnlag for evt. stegvis utvikling og utbygging.