Tilskot til klyngedrift

Tilskotet gjeld driftsstønad til innovasjonsklynger, der klyngeaktivitetane bygger opp under samarbeid, nettverksutvikling og kompetanseauke. 


For kven 

Tilskot til klyngedrift kan berre bli gitt til innovasjonsklynger, der samarbeidet er formalisert gjennom ein klyngeorganisasjon. Norwegian Innovation Clusters (NIC) og European Digital Innovation Hubs (EDIH) kvalifiserer til definisjonen.  

Innovasjonsklynger er eit strukturert og systematisk samarbeid mellom bedrifter, FoU-institusjonar, katapultsenter og andre relevante aktørar. Formålet med innovasjonsklynga er å stimulere til auka innovasjonsaktivitet, kompetanseoverføring og utveksling av kunnskap og ekspertise mellom aktørane i klynga.  

Det er klyngeorganisasjonen (etablert som eit sjølvstendig rettssubjekt) som får stønad til klyngedrift på vegner av innovasjonsklynga.  

Innovasjon Norge om tilskot til klyngedrift

 

 

Åpne kontaktskjema