Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Tilskott til innovasjonsrådgivning

Tilbydarar av innovasjonsrådgiving til små og mellomstore bedrifter kan søke om tilskot. Tilskotet skal gi rabatterte prisar på tenestene for bedriftene. Dette skjer etter ein utlysings- og prekvalifiseringsprosess.

For kven 

Aktørar som tilbyr ulike former for innovasjonsrådgiving til små og mellomstore bedrifter (SMB). Det kan vere organisasjonar som tilbyr forskings- og kunnskapsformidling, infrastruktur for forsking, testing og eksperimentering, EDIH-er (European Digital Hubs) eller innovasjonsklynger.  

Tilbydar må vere kvalifisert som leverandør av tenester som er relevant for den aktuelle målgruppa sine definerte behov. Prekvalifisering skjer som følge av ein utlysing-/utveljingsprosess i regi av Innovasjon Norge.  

Det er derfor ikkje mogleg å søke på denne ordninga utanom ein slik prosess.