Tilskot til bioøkonomiprosjekter
For kven?
Bedrifter som utviklar og tar i bruk løysingar for produksjon, foredling og distribusjon av bioressursar. Gjeld også for utviklingsprosjekt i og på tvers av verdikjedene for bioressursar.
Kjernen i eit bioøkonomiprosjekt er forsking og/eller utvikling. Prosjektet skal ha betydeleg effekt på utviklinga og fornying av biobaserte verdikjeder og meir miljøvennleg og effektiv bruk av bioressursar.
I 2026 blir små og mellomstore bedrifter prioriterte. Store bedrifter kan oppnå tilskot frå denne ordninga til prosjekt av særleg stor samfunnsnytte. Det er forventa at ramma for Skattefunn er fullt utnytta før store bedrifter søker oss om tilskot.
Kva kan det brukast til?
Bedrifter kan få tilskot til utviklingsprosjekt i og på tvers av verdikjedene for bioressursar. Formålet med ordninga er å bidra til å redusere klimagassutslepp, og utvikle ressurseffektive og meir sirkulære verdikjeder for bioressursar i tilknyting til jord, skog og hav.
Bioøkonomiordninga skal gi risikoavlastning for:
- Utvikling av norske verdikjeder, bioressursar, produkt og teknologiar.
- Bygging av pilot- og demonstrasjonsanlegg i Noreg for å teste ut nye råstoff, produkt, løysingar og teknologiar eller teste ut bruk av eksisterande teknologi på ein ny måte eller bidra til betre ressursutnytting og auka sirkularitet.
- Utgreiingsstønad til kartleggingar eller andre studiar som skal gi grunnlag for tiltak for redusert energibruk, klimagassutslepp eller betre ressursutnytting i enkeltbedrifter eller nettverk av bedrifter