Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordninger
  4. Tilskotsordningar frå Vestnorsk filmsenter

Tilskotsordningar frå Vestnorsk filmsenter

Vestnorsk filmsenter satsar på lokale filmskaparar og skal bidra til å bygge ein berekraftig filmbransje. Vestnorsk filmsenter skal sikre at film av høg kunstnarisk kvalitet blir produsert i regionen og skal bidra til at filmar frå Vestlandet kjem ut i verda.

Med Vestlandet meiner ein fylka Møre og Romsdal og Vestland. Prosjekt kan bli vurderte individuelt dersom dei har ei tydeleg forankring i regionen.

Kva kan du søke stønad til?

  • utvikling og produksjon kortfilm
  • utvikling og produksjon dokumentarfilm – enkeltståande og seriar
  • samproduksjonar – produksjon
  • utvikling av lang fiksjon - spelefilm, seriar
  • utvikling av spel og interaktive prosjekt, særleg for barn og unge
  • talentutvikling, manusrettleiing og kompetansehevande tiltak
  • filmkulturelle og bransjeutviklande tiltak


Kven kan søke?

  • søkar må ha audiovisuell produksjon som hovudformålet sitt
  • søkar må vere registrert i Føretaksregisteret eller Einingsregisteret
  • søkar må ha kontoradresse på Vestlandet, og betale skatt til ein kommune i regionen
  • søker kan ikkje vere eigd heilt eller delvis av eit kringkastingsselskap

 

Tilskot blir gitt etter søknad. Det er normalt 5 søknadsfristar i året. Desse blir kunngjorde på Vestnorsk filmsenter sine nettsider. Det er 4-6 vekers behandlingstid på søknader som er sende inn.