Midtnorsk filmsenter er ein offentleg eid tilskotsgivar som forvaltar midlar til utvikling/produksjon av film- og dataspelprosjekt og har som mål å utvikle Trøndelag som film- og spelregion. Det kan i tillegg søkast ulike typar stipend for kompetanseheving og fagleg utvikling til dømes reise-, praktikant- og mentorstipend for profesjonelle.
Midtnorsk filmsenter gir tilskot til utvikling og produksjon av kort- og dokumentarfilm for visning på kino, tv, strøymetenester eller andre plattformer. Det kan også bli søkt om utviklingsstønad til lang fiksjon, som spelefilm eller dramaserie.
Søkar må vere eit uavhengig produksjonsføretak og organisert som aksjeselskap med næringskode 59.110, og minst ein nøkkelperson (produsent, regissør eller manusforfattar) må bu eller virke i Trøndelag.
Utviklingsstønad til dataspel kan bli søkt om i ein tidleg fase. Viktige element i produksjonsutgreiinga er konkret idé, originalitet, visuelle skisser, definert målgruppe og stadfesting på rettar. Søkar må vere eit produksjonsføretak med forretningsadresse i Trøndelag, og minst ein av nøkkelpersonane i prosjektet må bu og virke i Trøndelag.
Midtnorsk filmsenter har tre faste søknadsrundar for tilskot til film- og spelprosjekt i løpet av året: 15. februar, 30. april og 15. september.
Kortfilmstipendet er ei stønadsordning for lågbudsjetts kortfilm og kortdokumentar. Det er meint for unge eller uetablerte filmskaparar som ikkje er profesjonelle og etablerte i bransjen. Det kan vanlegvis søkast om inntil 10 000 kroner. Søkar må vere busett i Trøndelag. Stønaden er personleg og blir gitt til enkeltpersonar som stipend.
Reisestønaden skal bidra til kompetanseheving og internasjonalisering i den trønderske film- og spelbransjen. Det kan bli gitt stønad til deltaking på kurs, seminar, finansieringsfora og representasjon av verk på prioriterte festivalar eller prisutdelingar. Profesjonelle fagarbeidarar busette i Trøndelag kan søke, og unge/uetablerte filmskaparar kan også søke gjennom talentordningane. Søknadar knytte til prosjekt invitert til pitcheforum eller festivalprogram blir prioriterte. Reisestønaden har løpande søknadsfrist, blir behandla fortløpande og blir utbetalt etterskotsvis på bakgrunn av kvitteringar.
Ferske film- og spelskaparar etablerte i Trøndelag kan søke praktikantstipend for å følge ein produksjon i tett kontakt med profesjonelle. Det må bli inngått ein kontrakt med produsent. Maks 50 000 kroner. Stønaden vil bli utbetalt etterskotsvis og har løpande søknadsfrist.
Er du ein filmskapar som ikkje har starta den profesjonelle karrieren din ennå, kan du søke kortfilmstipend og reisestønad. Du kan få rådgjeving og delta på kurs for nye talent.
Profesjonelle filmskaparar kan søke stipend til mentorstøtte innan manus, regi, produsentskap, foto eller klipp, eller til fordjuping i ei fagleg problemstilling knytt til eit audiovisuelt prosjekt. Det kan også bli gitt stønad til deltaking på utvalde kurs og utviklingsprogram. Ordninga har løpande søknadsfrist.
Midtnorsk filmsenter kan i tillegg gi stønad til publikumsarrangement som bidrar til breidde og kvalitet i filmtilbodet for vaksne og barn, og som stimulerer filmkulturen i Trøndelag. Ordninga rettar seg mot arrangørar av filmformidlingstiltak med kulturelt eller pedagogisk formål, eller seminar/samtalar knytt til ei filmvisning. Søkar må vere ein organisasjon, stifting eller selskap registrert i Einingsregisteret.
Tilskot frå Midtnorsk filmsenter rettar seg hovudsakleg mot den profesjonelle filmbransjen i Trøndelag. Filmsenteret har også ordningar som rettar seg mot unge og/eller uetablerte film- og spelskaparar som ennå ikkje er del av den profesjonelle bransjen. Stipendordningar har som hovudregel løpande søknadsfristar.