Tilskotsordningar frå Arktisk Film Noreg

Føremålet med tilskotsordningane er å leggje til rette for filmproduksjon i Nord-Noreg innanfor områda utvikling og produksjon av kort- og dokumentarfilm, og bidra til kompetanseheving i filmmiljøet i Nordland, Troms og Finnmark.


Hovudmålgruppa for verksemda er den profesjonelle delen av filmbransjen i dei tre nordlegaste fylka. Arktisk Film Noreg har også eit ansvar for arbeid retta mot unge talent.

Tilskota skal over tid bidra til å oppnå målet om likestilling i filmbransjen.

Hovudsakleg blir det gjeve følgjande typar av økonomiske tilskot:

Tilskot til audiovisuell produksjon
Det kan bli gitt tilskot til framstilling av audiovisuelle verk innan formata dokumentarfilm, kortfilm, spel og anna interaktivt audiovisuelt format.
Søkar skal ha audiovisuell produksjon som sitt hovudformål, eller skal kunne dokumentere betydeleg erfaring innan filmproduksjon eller spelutvikling. Prosjektet skal ha regional tilknyting til Nord-Noreg ved at selskapet si forretningsadresse og/eller nøkkelpersonar si bustadadresse er i Nordland, Troms, Finnmark eller på Svalbard.
Søknadar blir behandla fortløpande.

Reisetilskot
Reisetilskot skal dekkje deltakaravgift, reise og opphald til kurs og kompetansehevande tiltak på nasjonalt og internasjonalt plan. Søknader vert handsama løpande. Ev. støtte til festivaldeltaking blir gjeven i første rekkje til produsentar og regissørar av filmar som er plukka ut til festivalar.

Mentortilskot
Her kan ein søkje tilskot for å skaffe seg ein mentor innan eit spesielt fagområde. Søknader frå produsentar og klipparar vert prioriterte, men andre fagfunksjonar kan også søkje. Maksimalt søknadsbeløp er NOK 25 000.

Tilskot til tiltak for unge talent
Tilskot kan søkjast av personar og organisasjonar som driv arbeid retta mot utvikling av filmtalent i Nord-Noreg.

Tilskot til filmkulturelle tiltak
Tilskotet skal bidra til breidde og kvalitet i filmtilbodet for vaksne og barn i Nord-Noreg, og kan gjevast til arrangement og visning, til dømes filmfestivalar. Arktisk Film Noreg kan gi tilskot til arrangement i Nord-Noreg og på Svalbard.


Det vert ikkje gjeve tilskot til spelefilmar, drama-seriar for TV, informasjonsfilmar, reklamefilmar, musikkvideoar eller filmar som er ein del av ei utdanning.

Arktisk Film Noreg om tilskotsordningar

Åpne kontaktskjema