Tilskotsordningar for dokumentar

Norsk filminstitutt gir tilskot til utvikling, produksjon og lansering av dokumentar, dokumentarfilm og dokumentarseriar.


For dokumentarar finst følgande tilskotsordningar:

Etterhandstilskot:

Etterhandstilskot går til kinofilmar som har fått førehandstilskot frå NFI eller regional filmforvaltar – eller som har fått førehandsgodkjenning for etterhandstilskot etter søknad i 2020 eller tidlegare. Etterhandstilskotet er ei automatisk ordning som blir utløyst etter eit visst tal selde kinobillettar i Noreg. Ordninga rettar seg mot uavhengige produsentar med spelefilm eller dokumentarfilm som primært skal visast på kino i Noreg.

Lansering og distribusjon:

Distribusjon av utanlandsk kvalitetsfilm

Etablerte norske filmdistributørar kan søke tilskot til distribusjon av utanlandsk kvalitetsfilm på kino og andre visningsplattformer i Noreg. Tilskotet omfattar kostnader til distribusjon og marknadsføring for heile distribusjonsløpet til filmen: på kino, video og andre plattformer.

Lansering av filmar og seriar i utlandet

Du som er uavhengig produsent og skal lansere ein film eller serie på festival, salsmarknad eller annan relevant arena internasjonalt kan søke tilskot til lansering av film og seriar i utlandet.

Produksjon

Neo produksjon

Neo produksjon er ei tilskotsordning for manifesterte talent som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar, drama eller hybrid. Ordninga rettar seg mot regissørar og serieskaparar som saman med produsenten sin har vore gjennom ein utviklingsfase og som nå er klare for å gå i produksjon med ein lågbudsjettsproduksjon.

Produksjon 2

Produsentar av prosjekt som allereie har fått produksjonstilskot, og som har fått eller vil få konkrete ekstrakostnader relatert til Covid-19 kan søke om tilskot. Tilskotsordninga gjeld alle format, det vil seie kortfilm, spelefilm, dokumentarfilm og dramaseriar.

Produksjon av dokumentarfilm etter konsulentvurdering

Du som er norsk produsent av dokumentarfilm kan søke tilskot til å skape dokumentarfilm av høg kunstnarisk kvalitet og med stor kulturell og samfunnsmessig verdi.

Produksjon av dokumentarserie etter konsulentvurdering

Du som er norske produsent av dokumentarseriar kan søke tilskot til produksjon av spesielt kunstnarisk utfordrande eller mindre kostbare dokumentarseriar med potensial for nasjonal og internasjonal visning.

Samproduksjon av dokumentar med utanlandsk hovudprodusent

Du som er norsk dokumentarprodusent kan søke om tilskot til samproduksjon av dokumentarfilm og -seriar med norsk minoritetsprodusent og utanlandsk hovudprodusent. Ordninga skal bidra til profesjonalisering av norsk bransje gjennom auka internasjonalt samarbeid.

Sørfond

Du som er minoritetsprodusent og uavhengig produsent i Noreg kan søke om tilskot til samproduksjonar med utanlandsk hovudprodusent frå land der filmproduksjon er avgrensa av politiske eller økonomiske årsaker.

Utvikling

Manusutvikling-/idéutvikling av dokumentar

Du som regissør eller manusforfattar kan søke tilskot til manusutvikling-/ idéutvikling av dokumentarprosjekt. Ordninga skal sikre norsk film tilgang til originale, relevante og engasjerande dokumentarar med solid forankring i skaparleddet.

Neo utvikling

Neo utvikling er ei tilskotsordning for manifesterte talent som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar, drama eller hybrid. Ordninga rettar seg mot regissørar og serieskaparar som har relevant utdanning eller erfaring, og som gjennom tidlegare verk har fått manifestert eit talent – og som nå ønsker å utvikle sitt første eller andre prosjekt i langt format i samarbeid med produsenten sin.

Utvikling av dokumentarfilm etter konsulentvurdering

Du som produsent av norsk dokumentarfilm kan søke tilskot til å utvikle dokumentarfilm av høg kunstnarisk kvalitet og stor kulturell og samfunnsmessig verdi. Ordninga skal bidra til å bringe fram dokumentarfilm av høg kunstnarisk kvalitet og stor kulturell og samfunnsmessig verdi, som både utfordrar, underheld og skaper kultur- og samfunnsdebatt i Noreg og utlandet.

Utvikling av dokumentarserie etter konsulentvurdering

Du som produsent av dokumentarseriar kan søke tilskot til å utvikle norske dokumentarseriar av høg kunstnarisk kvalitet, som har potensial for både nasjonal og internasjonal visning. Tilskotsordninga skal bidra til å skape dokumentarseriar av høg kunstnarisk kvalitet og stor kulturell og samfunnsmessig verdi, som både utfordrar, underheld og skaper kultur- og samfunnsdebatt i Noreg og utlandet.

Norsk filminstitutt om tilskotsordningar

Åpne kontaktskjema