Tilskot ved svikt i honningproduksjon
Eit vilkår er at svikten skuldast klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
-
Produksjonen må vere mindre enn 70 prosent av gjennomsnittsproduksjonen per bikube for å utløyse grunnlag for tilskot. Søkar må sjølv dekke eigen risiko på 30 prosent av gjennomsnittsproduksjonen.
- Svikten i honningproduksjonen må vere vesentleg og skuldast klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot, som for eksempel redusert blomstring og/eller dårleg flyvêr.
-
Redusert produksjon på grunn av for eksempel sjukdom eller oppsplitting av bifolk blir ikkje dekt.
-
-
Forholdet må bli meldt til kommunen så raskt som mogleg (utan ugrunna opphald).
-
Føretaket må ha drive på ein fagleg forsvarleg måte og gjort det som normalt kan forventast for å førebygge tap.
-
Føretaket må legge til rette for sterke bifolk, førebygge sjukdom og ha ein tilpassa sjukdoms-/parasittbehandling.
-
Føretaket må på skadetidspunktet ha rett til produksjonstilskot.