Tilskot til talent, kompetanse og nye forretningsmodellar omfattar to ordningar: Talent og kompetanse og Innovasjon og nye forretningsmodellar.
Støtte til arrangørar som tilbyr kurs, mentorverksemd og kompetansehevende tiltak for den audiovisuelle bransjen i Europa.
Formålet med tilskotsordninga er å bidra til kompetanseheving i audiovisuell sektor, stimulera til innovasjon, nytenking og auka samarbeid på tvers av landegrensene, og dessutan bidra til utviklinga av nye europeiske talent.
Tilskot til selskap som nyttar ny teknologi eller nye forretningsmodellar til å auke tilgjengelegheita og synlegheita for europeiske audiovisuelle verk, styrkjer konkurranseevna eller bidra til ein grønare bransje.
Det kan givast støtte til ulike typar prosjekt innan ny teknologi, digital utvikling eller nye forretningsmodellar.
Enkeltståande selskap, eller eit konsortium beståande av minst to partnarar (frå land som er medlem av MEDIA-programmet). Ein av partnarane er prosjektleiar og sender inn søknaden på vegner av begge/alle partnarane. Partnarane kan elles ha ulik selskapsform: det kan vere private selskap, institusjonar, non-profit selskap, stiftelsar eller liknande Enkeltpersonar kan ikkje søke.
Kreativt Europa om talent, kompetanse og nye forretningsmodellar