Tilskot til publikumsutvikling og filmkunnskap

Formålet med ordninga er å auka interessa for europeisk film og nå ut til nye publikumsgrupper, med eit særleg fokus på auka filmkunnskap hos barn og ungdom.


Kva kan det søkjast støtte til?

  • Nye og innovative samarbeidsprosjekt, gjerne med bruk av digital teknologi, som fører til auka publikumsoppslutning og auka interesse for europeisk film.
  • Prosjekt med ein klar europeisk dimensjon i form av type samarbeid/partnarskap og geografisk og kulturell diversitet.
  • Prosjekt med fokus på filmarv/filmhistorie, og med eit særleg fokus på barn og unge.
  • Filmar og audiovisuelle verk må minst vere 50% frå eit land som deltek i MEDIA-programmet, og prosjektet bør inneha strategiar for å ta vare på miljø og kjønnsbalanse/diversitet.

Kven kan søkje?

Enkeltståande selskap, eller eit konsortium beståande av minst to partnarar (frå land som er medlem av MEDIA-programmet). Ein av partnarane er prosjektleiar og sender inn søknaden på vegne av begge/alle partnarane. Partnarane kan elles ha ulik selskapsform; det kan vere private selskap, institusjonar, non-profit selskap, stiftingar e.l. Enkeltpersonar kan ikkje søkje.

Kreativt Europa om tilskot til publikumsutvikling og filmkunnskap

Kreativt Europa MEDIA-programmet

Åpne kontaktskjema