Songtekstforfattarar kan gjennom Tekstforfatterfondet få arbeidsstipend, fordjupningsstipend, reisestipend og anledning til arbeidsopphald i Firenze. I eigen kategori kan du også søke andre typar stønad.
Tekstforfattarfondet er eit fond for forfattarar av originalverk og omsettingar meint til bruk med musikk. Det er berre songtekstforfattaren sjølv som kan søke fondet om stønad, med unntak for kategorien Spesielt.
Den enkelte tekstforfattaren skal sjølv søke fondet, med unntak av i kategorien spesielt. Ei tildeling vil bli sett i lys av stipenda til tekstforfattaren dei siste åra. Det er mogleg å søke fleire stipend per søknadsrunde.
Søknadsfristar: 2. april og 2. november klokka 13:00.
Tekstforfatterfondet blir administrert av Musikkfondene.