Tilskotet til samiske aviser og samiskspråklege avissider skal leggje til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.
Med samisk avis meines nyheits- og aktualitetsmedier som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe.
Ordninga gjeld berre papiraviser og er dermed ikkje plattformnøytral. Nettutgåver tel ikkje med når det blir berekna tilskot til samiskspråklege sider.
For å kunne få stønad må avisa kome ut regelmessig med minst 48 utgåver i året og ha eit gjennomsnittleg opplag på minst 750 eksemplar. Aviser som blir gitt ut i eller har stor dekning i dei lule- eller sørsamiske kjerneområda, og som publiserer eigeprodusert nyheits- og aktualitetsstoff på lule- eller sørsamisk, kan få tilskot for produksjon av avissider.
Medietilsynet administrerer stønadsordninga, behandlar søknadane og avgjer kven som får tilskot. Oppdatert informasjon og gjeldande søknadsfristar finn du på Medietilsynet sine nettsider.