Statens kunstnarstipend

Stipendordninga skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar, gjennom å få direkte tilskot frå staten, skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv.


Ved tildeling skal det leggjast vekt på kunstnarisk kvalitet og aktivitet.

Kunstnarstipend omfattar følgjande stipendtypar:

  • Arbeidsstipend
  • Arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar
  • Diversestipend
  • Diversestipend for nyutdanna kunstnarar
  • Midlertidig stipendordning COVID-19
  • Stipend for etablerte kunstnarar
  • Stipend for seniorkunstnarar

Stipend tildelast etter søknad frå den enkelte kunstnar.

I forskrift om statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar finst nærare opplysningar om stipenda og om reglane for søknad, innstilling, tildeling, rapportering, osv.

Kven kan søkje?
Kunstnarar som i hovudsak bur og har sitt virke i Noreg kan søkje stipend. Når det blir blir sett på som rimeleg, kan det gjerast unntak frå regelen om å bu og virke i Noreg.
Stipenda gjeld ikkje kunstnarar under grunnutdanning.

Forskrift om statens stipend og garantiinntekter for kunstnere

Statens kunstnerstipend om ordningen

Åpne kontaktskjema