Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Innovasjon Noregs skaleringsprogrammer

Innovasjon Noreg tilbyr fire ulike skaleringsprogram for bedrifter med høgt potensial og ambisjonar om vekst.

Kompetanseprogramma for skalering introduserer deg til mentorar, nettverk og metodikk som førebur bedrifta på å konkurrera i ein internasjonal marknad. 

Programma består både av digitale og fysiske møte, og går over ein periode på 3-6 månader. Ein intervjuprosess vil kartleggja om det er rett tidspunkt for bedrifta di å delta, ut frå kvar de på vekstreisa og tilgjengelege ressursar. 

TINC - Tech Incubator Silicon Valley er for oppstartsbedrifter innan teknologi med ambisjonar om rask og langvarig global vekst.

EMNY - Executive Marketing New York er for oppstartsbedrifter som er klare for vekst og skalering, og vil auka farten på den internasjonale satsinga.

TEA - Tech Executive Accelerator London er for teknologibedrifter innan kunstig intelligens (KI) som treng hjelp til strategisk posisjonering og hurtigare vekst.

LINC - Launchpad for Innovative Norwegian Companies er for bedrifter med teknologi, produkt eller tenester som kan vera av interesse for det norske, amerikanske og allierte lands militære.