Reisestønad – scenekunst

Det overordna formålet med tilskotsordninga er å bidra til at profesjonelle scenekunstnarar og kulturaktørar får internasjonale moglegheiter. Reisestøtta skal bidra til at norske scenekunstnarar som vert inviterte til, og vert engasjerte i utlandet, vert sette i stand til å gjennomføre engasjement.


Senter for scenekunst Noreg (PAHN) administrerer Det Norske Utanriksdepartementet si reisestønadsordning for gjestespel frå norske kompani til utlandet Det er fire søknadsrundar i året.

Det kan hovudsakleg søkast om økonomisk stønad til reiseutgifter (fly, tog, buss eller leigebil) og i nokre tilfelle utgifter til transport av utstyr/scenografi i forbindelse med eit engasjement i utlandet. 

Deltakinga må vere basert på invitasjon frå profesjonelle samarbeidspartnarar, og invitasjonen skal leggast ved søknaden. Reisestønad kan i særskilde tilfelle også bli gitt til faglege seminar eller andre aktivitetar i utlandet som har stor betydning for det frie scenekunstfeltet.

Kven kan søke?

Ordninga gjeld profesjonelle utøvarar innan scenekunstfeltet, det vil seie at dei i hovudsak lever av arbeidet sitt innanfor feltet. Søkaren må vere registrert med eit organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera.

Tilskotsmottakarar skal vere norske statsborgarar eller utanlandske statsborgarar busette i Noreg. Dersom delar av prosjektet blir gjennomført av utanlandske deltakarar, skal prosjektet bidra til å fremme norsk scenekunst.

Senter for scenekunst Noreg (PAHN)

STIKK.no om stønad – scenekunst

Åpne kontaktskjema