Regional transportstøtte
Kven kan søkje:
Alle næringar kan få transportstøtte, med enkelte unntak for transport- og energisektoren.
Støtte kan tildelast dersom følgjande vilkår er oppfylte:
- Føretaket som får støtta har produksjons- eller tilverkingsstad innanfor det geografiske virkeområdet
- Føretaket ber heile kostnaden for sendinga.
- Transporten skjer med jernbane, båt, fly eller med vegtransport i yrkesmessig trafikk.
Føretak med forretningsadresse utanfor det geografiske virkeområdet for transportstøtte, men som har produksjonsavdelinga innanfor, kan gjevast transportstøtte for sendingar gjorde av avdelinga i virkeområdet for transportstøtte.
Det geografiske virkeområdet inkluderer alle kommunane i Troms og Finnmark og Nordland, samt enkelte kommunar i Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Innlandet og Viken.
Det er fylkeskommunane som finansierer den regionale transportstøtta. Ikkje alle fylkeskommunane har regionale transportstøtteordningar, sjølv om fylket har kommunar i virkeområdet. Det er opp til fylkeskommunane å bestemme om dei prioriterer middel til dette formålet.
Eventuelle spørsmål må ein rette til den enkelte fylkeskommunen.