Har bedrifta di ambisjonar om vidareutvikling og vekst? Treng de ein sparringspartnar for å drøfte nye forretningsmoglegheiter? Innovasjon Norge tilbyr individuell rådgiving på innovasjonsprosess, forretningsmoglegheiter, marknadsavklaring og berekraftig utvikling.
Innovasjonsrådgivinga er for alle typar bedrifter som står ovanfor nye utfordringar og moglegheiter og som treng rettleiing og inspirasjon til vidare utvikling. Målgruppa er nøkkelpersonell i etablerte bedrifter. Det kan også vere unge bedrifter eller nystarta bedrifter, men ikkje enkeltpersonar utan bedriftsforankring.