Produksjonstilskotet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Tilskotsordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
Tilskotet er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vera berekraftige og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader.
Frå 2024 er det gjort fleire endringar i forskrifta, blant anna at krav om papirutgåve er fjerna. Stønadstaket for nasjonale nummer to nisjemedium er justert opp, og aviser på Svalbard blir likestilte med nordnorske aviser når det gjeld grunntilskot.
Ordninga har ein årleg søknadsfrist, som blir kunngjord på Medietilsynet sine nettsider. Nye søkarar må melde frå til Medietilsynet i forkant for å få vurdert om mediet kvalifiserer til stønad.
Forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier
Medietilsynet – Produksjonstilskott for aviser