Tilskot til smarte transportløysingar (Pilot-T)
Tilskotet skal bidra til å ta ny teknologi raskare i bruk ved å støtte bedrifter som utviklar og testar løysingar for eit smartare transportsystem. Målet er betre framkommelegheit, sikkerheit og reduserte utslepp.
Løysingane kan vere i form av nye teknologiar, tenester og forretningsmodellar. I 2026 blir små og mellomstore bedrifter prioriterte. Store bedrifter kan oppnå tilskot frå denne ordninga til prosjekt av særleg stor samfunnsnytte.
Eit relevant prosjekt skal inkludere pilotering og testing og resultere i ei løysing som kan bli tatt i bruk i marknaden. Digitale løysingar blir prioriterte. Det skal vere eit truverdig marknadsaspekt for den planlagde løysinga. Samarbeid med andre aktørar blir vektlagt og for transportsektoren spelar det offentlege ei vesentleg rolle.