PILOT-E

PILOT-E lyser ut midlar til prosjekt innan miljøvenleg energiteknologi for å få fram nye og konkurransedyktige bedrifter på området.


PILOT-E er eit finansieringstilbod til norsk næringsliv, etablert av Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Enova.

Målet med ordninga er at heilt nye produkt og tenester innan miljøvenleg energiteknologi skal bli utvikla og tatt i bruk for å bidra til kutt i utsleppa både i Noreg og internasjonalt.

PILOT-E samkøyrer dei tilgjengelege finansieringstilboda i verkemiddelapparatet og inneber høgare føreseielegheit for stønad, tettare oppfølging og sterkare koordinering. PILOT-E vil følge opp aktørane gjennom heile teknologiutviklingsløpet - frå idé til marknad.

Finansieringa skal redusere uvisse for bedrifter og gi dei betre grunnlag for å planlegge - og dermed nå heilt fram til marknaden med nye løysingar.

Enova om PILOT-E

Åpne kontaktskjema