Jordbruksføretak kan ta imot tilskot for å vareta miljøomsyn. Enkelte miljøtilskot er felles for heile landet, og inngår i søknad om produksjonstilskot.
Jordbruksføretak som har husdyr og leverer husdyrgjødsel til biogassanlegg kan få tilskot. Tiltaket skal bidra til å dempe utslepp av metan som oppstår frå lagring av husdyrgjødsel og samstundes gjere nytte av gassen. Desse miljøtilskota kan ein søkje på gjennom Altinn.
Regionale miljøtilskot
Det er fylkesvise tilskotsordningar for miljøtiltak i landbruket gjennom Regionalt Miljøprogram (RMP).
Alle jordbruksføretak kan søkje om tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord.
Regionale miljøtilskot rettar seg mot meir spesifikke utfordringar, som kan variere frå fylke til fylke. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføre. Tiltaka vert bestemde ut frå kva Statsforvalteren ser på som dei største miljøutfordringane i fylket sitt.
Tilskota vert utbetalte i ettertid, etter søknad, dersom du har gjort slik som føresett i regelverket. Desse miljøtilskota (og produksjonstilskota) kan du søkje om via Altinn.
I tillegg til fylkesvise miljøtilskot finst fleire andre tilskotsordningar.
Spesielle miljøtiltak (SMIL)
Føremålet er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane, og redusere forureininga frå jordbruket utover det som vert forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig mål med ordninga er å få ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar. Kommunen utarbeider overordna retningslinjer for prioritering av søknadene, og behandlar og avgjer søknadene.
Tilskot for å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg
Jordbruksføretak som har husdyr kan søke om tilskot til dekning av utgifter for levering av husdyrgjødsel til biogassproduksjon i sentraliserte anlegg og i gardsbaserte biogassanlegg. Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
Tilskot til drenering
Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan søkje om tilskot til drenering. Det kan også gjevast tilskot til eigarar av jordbruksareal som vert leigde ut. For planerte areal kan det i tillegg gjevast tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta. Kommunen behandlar og avgjer søknadene.
Tilskot til drift av beitelag (OBB)
Beitelag kan få tilskot til beiteslepp, tilsyn og sanking av dyr. Ordninga gjeld for sau, geit og storfe som beiter i utmark. Kommunen behandlar og avgjer søknadane.
Tilskot til tiltak i beiteområde
Føremålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Det kan søkjast tilskot til planleggings- og tilretteleggingstiltak og tilskot til investeringar knytte til utmarksbeita. Kommunen behandler og avgjør søknadene.
Tilskot til tiltak i verdsarvområda
Gjeld tiltak som bidrar til å styrke landbruket i dei tre verdsarvområda Vegaøyane, Vestnorsk fjordlandskap og Røros bergstad og Circumferensen. For meir informasjon om kva areal og kva type tiltak som er kvalifisert for tilskot, prioriteringar, satsar med meir i det aktuelle utvalde kulturlandskapet, sjå forvaltningsplanen for området og kommunen si utlysing. Kommunen behandlar søknaden og gjer endeleg vedtak.
Tilskot til Utvalde kulturlandskap i jordbruket
Til tiltak Utvalde kulturlandskap i jordbruket som bidrar til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, medrekna sikre langsiktig skjøtsel og drift. For meir informasjon om kva areal og kva type tiltak som er kvalifiserte til tilskot, prioriteringar, satsar med meir idet aktuelle Utvalde kulturlandskapet, sjå forvaltningsplanen for området og kommunen si utlysing. Kommunen behandlar søknaden og gjer endeleg vedtak.
Landbruksdirektoratet om regionale miljøtilskot
Landbruksdirektoratet om spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)
Landbruksdirektoratet om tilskot for å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg
Landbruksdirektoratet om tilskot til drift av beitelag (OBB)
Landbruksdirektoratet om tilskot til tiltak i beiteområde
Landbruksdirektoratet om tilskudd til tilskot til tiltak i verdsarvområda
Landbruksdirektoratet om tilskot til Utvalde kulturlandskap i jordbruket