Arrangørar av internasjonale kultur- og idrettsarrangement kan få stønad av Innovasjon Norge i forbindelse med planlegginga og gjennomføringa av eit arrangement.
Definisjonen på eit "internasjonalt arrangement" er at det skal vere internasjonale deltakarar, utøvarar eller artistar på arrangementet.
Arrangøren kan søke om stønad til ein mentor i opptil 30 timar. Mentoren skal vere ein rådgivar som bidrar med å tilføre kompetanse og/eller nettverk som kan vere avgjerande for å lykkast.