Tilgang til både kapital og kompetanse er viktig for oppstartsselskap sine moglegheiter for å lykkast med kommersialisering og vekst. Når Innovasjon Noreg sparrar med oppstartsselskapa og behandlar søknadar om finansiering vil dei, saman med dagleg leiar i søkarbedrifta, vurdere om ein mentor er aktuelt. Dagleg leiar vil i så fall få tilbodet om mentor saman med tilbodet om tilskot og/eller lån frå Innovasjon Noreg.
Kva kan du forvente av ein mentor?
- Gjennom mentortenesta får dagleg leiar ein sparringspartnar på strategisk nivå og 1-1 oppfølging som kan vere avgjerande for om bedrifta lykkast med etablering og vekst.
- Mentor skal i samtalar og sparring med dagleg leiar overføre kompetansen og kunnskapen sin, slik at dagleg leiar sjølv er betre i stand til å utvikle selskapet sitt. Det er viktig å understreke at ein mentor ikkje skal ta på seg å gjere oppgåver for bedrifta.
- Det skal ikkje bli gjort avtalar med ein mentor på førehand. For å sikre at selskapet får ein best mogleg mentor, har Innovasjon Noreg inngått avtale med Connect Vest, som gjennom nettverka sine finn ein mentor basert på selskapet sitt behov.
- Innovasjon Noreg dekker kostnadane knytte til 30 timer mentor-rettleiing. Tilskotet er ekskludert meirverdiavgift.
Innovasjon Noreg om mentortenesta for gründerar